Jernbaneverket nyttar for det meste hogstmaskinar, motor- eller ryddesag til å halde kontroll med vegetasjon langs sporet. I sporet nyttar Jernbaneverket ugrasmiddel for å bekjempe vekst i ballastpukken. I hovudsak vert vegetasjonskontroll utført for å oppretthalde krav til tryggleik og komfort. Hogst og rydding langs jernbanelinja gjev også gevinst ved å redusere påkøyrslane av ville dyr.
Ballastpukk og ballastgrus er i utgangspunktet reint mineralmateriale, men vert forureina over tid av organisk materiale frå vegetasjon som går over til humus. Humus i ballastlaget øydelegg dreneringa av sporet og aukar faren for isdanning i kuldeperiodar slik at sporstabiliteten kan verte påverka.
Jernbaneverket nyttar i dag mest ugrasmiddel med det verksame stoffet glyfosat i jernbanespor. I sideterreng vert dei same ugrasmidla nytta berre på svært avgrensa område. Ugrasmiddel med selektiv verknad vert nytta for å halde siktsonene i tilknyting til planovergangar frie for busk- og krattvegetasjon.
Mål
Redusere bruken av ugrasmiddel ved å sprøyte behovs- og målretta.
Status
Forbruket av ugrasmiddel vart i 2010 redusert samanlikna med 2009. Forbruket av aktivt stoff «glyfosat» har auka, men det har ikkje vore nytta andre preparat slik som åra før. . I 2010 vart det rydda om lag 460 km med vegetasjon langs sporet. Ryddinga vil halde fram til 2013, då skal sideterreng langs 3000 km jernbanespor vere rydda.
Kva gjer vi?
Jernbaneverket har starta arbeid med å sjå på alternative metodar og utstyr for handsaming av problemvegetasjon i ballasten/sporområdet. Det er m.a. gjennomført eit prosjekt der kasjmirgeit beiter vegetasjon langs jernbanen. Jernbaneverket vil vere deltakar i internasjonale utviklingsprosjekt, for eksempel i regi av den internasjonale jernbaneorganisasjonen UIC, for m.a. å sjå på korleis vegetasjonen påverkar bæreevna/ballasten, optimalisering av eksisterande metodar mot problemvegetasjon og alternative metodar mot problemvegetasjon