Jernbane er ei av dei mest miljøvennlege transportformene vi har. Likevel er det mange som bur nær jernbanelina og blir plaga av støy frå toga. Støyplage over tid kan i verste fall gje alvorlege helseplagar, og det settest difor krav til maksimalt støynivå innandørs for bustader, skuler og helseinstitusjonar.
Korleis oppstår jernbanestøy?
Hovudkjelda til støy frå toga er kontaktpunktet mellom skinne og hjul. Når hjulet rullar langs skinna, vil små ujamnheiter i skinne- og hjuloverflata få heile systemet til å vibrere. Når skinner, sviller og hjul vibrerer, vil dei stråle ut lyd, nesten på same måte som ein høgtalar.
Internasjonal forsking på dose-respons-samanhengar for støy viser at ulike kjelder gir ulik plage ved same støynivå utandørs. Basert på dose-respons-kurvene frå det nederlandske forskingsinstituttet TNO, som også EU nyttar, har SINTEF rekna ut plagegradskorreksjonar til +6 dB (straff) for fly og -6 dB (bonus) for jernbane samanlikna med vegtrafikk. Dette betyr at jernbanestøy vert oppfatta som mindre plagsam enn vegtrafikk- og flystøy. I retningslinene for arealbruk i støyutsette område rundskriv T-1442 frå Miljøverndepartementet, er plagegradskorreksjonar for fly på +3 dB og for jernbane på -3 dB.
Strategisk støykartlegging
EUs rammedirektiv for støy (2002/49/EF) er innarbeidd i forureiningsforskrifta kapittel 5 om strategisk støykartlegging. I samsvar med forskrifta er Jernbaneverket pålagd å kartleggje støy i dei største byområda og langs dei mest trafikkerte strekningane. Første trinn av denne kartlegginga blei ferdig i 2007, og omfatta byområde med meir enn 250 000 innbyggjarar (kun Oslo) og strekningar med meir enn 60 000 togpasseringar per år (frå Oslo til Ski, Asker og Gardermoen). Neste trinn av strategisk støykartlegging skal leverast i 2012, og tek for seg byområde med meir enn 100 000 innbyggjarar og strekningar med meir en 30 000 togpasseringar per år. Dette gjeld byområda Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger/Sandnes og Sarpsborg/Fredrikstad samt strekningane frå Oslo til Drammen, Eidsvoll og Moss.
Denne kartlegginga vil, saman med den interdepartementale Handlingsplan for støy 2007–2011, danne grunnlag for tiltaksplanar for å redusere støy. Karta som syner støybildet langs strekningane utanfor Oslo finn du som vedlegg i menyen til høgre. Støysonekart for strekningane som er kartlagde innanfor Oslo, ligg på Bymiljøetatens internettsider.
Mål
Forureiningsforskrifta fastset i kapittel 5 at ingen bustader (heilårsbustader, barnehagar, utdannings- og helseinstitusjonar) skal utsetjast for innandørs støy høgare enn 42 dB i snitt over døgnet. I tillegg har Regjeringa og Stortinget fastsett eit nasjonalt mål for støy. Dette målet er todelt:
- Støyplaga skal reduserast med 10 prosent innan 2020 i høve til 1999
- Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 % innan 2020 i høve til 2005
Det første målet er retta mot den generelle støyplaga i Noreg, medan det andre er retta mot dei som er utsette for dei høgaste støynivåa.
For å følgje utviklinga i forhold til dette målet har Statistisk sentralbyrå (SSB) utvikla eit modellverktøy. Modellen reknar ut kor mange som er eksponerte for støy frå ulike kjelder og reknar om til eininga støyplageindeks (SPI). SPI skal brukast for å følgje måloppnåinga.
Status
I 2010 vart det gjennomført ei kartlegging av innandørs støynivå langs jernbanenettet ned til 35 dB. Data frå kartlegginga finst digitalt og med oppløysning i 1 dB intervall. Kartlegginga avdekte nokre få bustader med innandørs støynivå over grenseverdien i forureiningsforskrifta (42 dB). Desse bustadene vert utbetra.
Ifølgje dei sist publiserte tala frå SSB vart støyplaga frå jernbane redusert med 31 prosent frå 1999 til 2007 og jernbanen sin del av støyplaga i Noreg 2007 var framleis på omtrent fire prosent. Fleire faktorar kan forklare denne reduksjonen, blant anna nedgang i togtrafikken, utskifting av tog til nye og meir stillegåande typar, skinnesliping og endringar i busetjing. Den fyrste delen av det nasjonale målet for støy er dermed oppfylt for jernbanen sin del.
Det andre nasjonale målet for støy er retta mot dei som er utsette for dei høgaste støynivåa. Kartlegginga i 2010, avdekte om lag 850 bygningar med støynivå over 38dB. Det betyr at om lag 250 bygningar treng tiltak fram mot 2020 for å oppfylle det nasjonale målet om 30 prosent reduksjon av personar utsetet for 38dB innandørs støynivå.
Kva gjer vi?
Jernbaneverket satsar både på tiltak som reduserer støy ved kjelda og støydempingstiltak på bustader ved jernbanen. Eksempel på kjeldereduserande tiltak er skjenesliping og utskifting av bremseklossar. Som eksempel på tiltak retta mot bustader kan nemnast støyskjermar og fasadetiltak - utskifting av ventilar og/eller vindauge. I 2010 vart det gjennomført skjenesliping mot støy på utsette strekningar på Austlandet for om lag fem millioner kroner
Jernbaneverket deltek i ei rekkje nasjonale og internasjonale forskings- og utgreiingsprosjekt om støy og vibrasjonar, blant anna utforming av ein ny nasjonal standard NS 8177 for måling av støy frå togtrafikk.
Kvifor berekning og ikkje måling?
Det er fleire årsakar til at det vert gjort beregningar og ikkje målingar av støy langs jernbana:
- Jernbaneverket rekner ut lydnivå for om lag 300 000 bygningar som ligg nær sporet. Det er ikkje økonomisk forsvarleg å gjere målingar i alle desse bygningane
- Feilen ein får ved berekning er mindre enn måleusikkerheita fordi berekningane legg dei same forholda til grunn for alle. Usikkerheit i variasjonar i vær- trafikk- og andre forhold blir dermed eliminert
- Parameteren ein samanliknar med kravet i forskrifta (årsgjennomsnitt av døgnekvivalent støynivå) er best egna for berekning. Det er så å seie umogleg å måle denne parameteren direkte. Ved måling blir det derfor uansett rekna ut resultat basert på måleresultata
Trafikktal
For å rekne ut støy frå jernbanen treng ein data over kor stor trafikk det er ved den aktuelle staden. Jernbaneverket set kvart år saman trafikktal i form av togmeter per døgn fordelt på dag- kvelds- og nattestid. Desse tala kan brukast til å rekne ut både tidsmidla (ekvivalent) lydtrykknivå (Leq,24h) og dag- kveld- nattnivå (Lden). Trafikktal for forrige år finn du i menyen til høgre. Nærmare forklaring ligg saman med tala.