Miljøvenleg innkjøp

Regjeringa vedtok ein eigen miljøpolitikk for statlege kjøp, gjeldande f.o.m 1. januar 2008. Kvar statlege verksemd må sjå til at miljøpolitikken blir følgd opp.

Mål
Omsyn til miljøet skal ivaretakast ved kjøp av varer og tenester.

Status
I 2010 inngjekk Jernbaneverket ny rammeavtale for skjener og sporveklsar. Miljøpåverknaden av produksjonsprosessen blei vekta 20 prosent i fordelinga om kvem som skulle få tildelt kontrakt. I tillegg er det oppretta ei arbeidsgruppe for etikk- og miljøkrav i offentlege innkjøp. Føremålet er at gruppa skal vere interne fagekspertar på å stille miljøkrav ved kjøp av varer og tenester.

Kva gjer vi?
Med heimel i lov om offentlege kjøp §6 skal Jernbaneverket ta omsyn til livslaupskostnader og miljøkonsekvensar av eit kjøp under planlegginga. I samband med Handlingsplan 2007–2010 «Miljø- og samfunnsansvar i offentlege kjøp» innførte Jernbaneverket i sitt leiingssystem krav som var gjeve i handlingsplanen.

Utvikling av leverandørar vil i dei kommande åra bli viktig for Jernbaneverket, då særleg marknaden innanfor jernbanetekniske fag- og produktområde er lite. Jernbaneverket vil så langt det er mogleg medverke til å få nye tekniske løysingar til å bidra positivt til miljøet. Jernbaneverket er frå 2010 ein av partnarane i Nasjonalt program for leverandørutvikling, eit 5-årig program i regi av NHO og KS.