Grunnforureining

Fleire stader på jernbanen sine område er det drive verksemd som har ført til at grunnen har blitt forureina. Døme på dette er kreosot frå gamle impregneringsverk (perioden 1900-1980) eller lager av større mengder nye sviller.

Andre døme på grunnforureining er olje og drivstoff, særleg i nærleiken av tankar og verkstader, og avrenning frå avfallsdeponi.


Mål
Jernbaneverket skal ha kontroll med og sikre at avrenning frå grunnforureining ikkje fører til helse- eller miljøskadar.


Status
I 2010 er det gjort tiltak på 21 lokalitetar med forureina grunn, og utbetringa av Bane Energi sine oljeoppsamlingskummar vart ferdig. Talet på lokalitetar med forureina grunn er redusert frå 112 til 55 i perioden 2007–2010.


Kva gjer vi?
Kartlegging av stasjonære tankanlegg på Jernbaneverket sin grunn er gjennomført. Jernbaneverket har også kartlagt kjelder til lokal grunnforureining frå dieselpåfyllingsanlegg, avlaup frå lokomotivstallar og avfallsdeponi.. Tiltak er mellom anna å reinske og oppgradere oljehaldige avlaup i lokstallar og dieselpåfyllingsanlegg og fjerne gamle avfallsdeponi.


Jernbaneverket har sidan 2000 brukt databasesystemet Synergi for kartlegging og oppfølging av uønskte hendingar. Ikkje planlagde utslepp av kjemikaliar, drivstoff, olje o.l. er døme på uønskte hendingar som vert følgde opp i Synergi