100 år med tog Kristiania - Bergen

Tysdag 10. juni er det nøyaktig 100 år sidan togtrafikken mellom dei to største byane i landet starta opp. Etter prøvedrift om vinteren som raskt måtte stoppast, vart Bergensbanen opna for ordinær trafikk mellom Gulsvik og Bergen 10. juni 1908.

Strekninga mellom Hønefoss og Gulsvik var enno ikkje ferdig, men det vart likevel vedteke å setje trafikken i gang over fjellet. Trafikken gjekk den første tida over Krøderbanen, med dampskipssamband mellom Krøderen og Gulsvik. Rett ved Gulsvik stasjon var det ei dampskipsbryggje der vognene på Bergensbanen kunne køyrast heilt fram til skipa. Foto: Norsk Jernbaneklubb


- Fram til opninga av heile Bergensbanen 27. november 1909 fekk Krøderbanen spele ei sentral rolle i kommunikasjonen mellom aust og vest, fortel Anders Linnerud i Norsk Jernbaneklubb, Krøderbanen. Dei reisande frå Bergen ble frakta med dampbåtar frå Gulsvik til Krøderen, ei strekning på rundt 4 mil. Frå Krøderen stasjon gjekk ferda vidare med damptog på Krøderbanen til Vikersund. Her var det overgang til nytt tog vidare mot Drammen og Kristiania. Den første tida var altså togreisa avbrote av ein båttur. Strekninga Roa – Hønefoss – Gulsvik på Bergensbanen var enno ikkje ferdig. Banen går gjennom Haverstingtunnelen, som da var den nest lengste tunnelen på banen, og som låg i eit vanskeleg terreng i dalsida frå Ørgenvika til Gulsvik.

Krøderbanen spelte også ei viktig rolle i bygginga av Bergensbanen, seier Linnerud. Materiell til anlegget vart frakta til Krøderen og derifrå med lekterar og båtar til Gulsvik. Det vart bygd store dampskipsbryggjer i båe endane av Krøderfjorden, og her kunne vognene køyrast heilt fram til båtane.

Sjølv om reisa framleis var omstendeleg med fleire byte undervegs, innebar det nye sambandet ein samferdselsrevolusjon. Alternativa så langt hadde vore båt langs kysten eller vandring til fots eller med hest over fjellet. Reisetida gjekk ned til en tredel, frå rundt tre døgn til ned mot 18 timar.

Sambandet var også viktig for lokalsamfunnet. Ikkje mindre enn tre dampbåtar var i sving for å avvikle trafikken, og på vinterstid fekk bøndene ei god attåtnæring i form av hestetransport på fjordisen.

Anders Linnerud kan fortelje at dette jubileet vert hovudtema i år i utstillingar på Krøderbanen, og på opningssøndagen 29. juni vil det bli arrangert rundturar der ei reise i gamal stil mellom Gulsvik, Krøderen og Vikersund inngår.

Gulsvik stasjon er open både laurdag 28. og sundag 29. juni. Laurdagen opnar ei utstilling med motiv frå den første tida med togtrafikk på stasjonen og langs Bergensbanen. Sundag 29. juni vert stasjonen i tillegg knutepunkt for rundturane via Krøderen.

Dampskipa Krøderen og Norefjeld undervegs frå Gulsvik til Krøderen. Anlegga på Bergensbanen kan du sjå i dalsida til høgre. (Foto: Norsk Jernbaneklubb)