Trafikk og marknad i Jernbaneverket har ansvaret for operativ trafikkstyring, ruteplanlegging og informasjon til kundane.

Trafikk og marknad består av ei lita stabseining i Oslo, dei regionale avdelingane Trafikkområde Aust, -Vest og -Nord, samt avdelingane Kunde- og trafikkinformasjon, Stasjonar, kundefasilitetar og publikumsareal og Ruteplan. Divisjonen har ca. 750 tilsette. Dei fleste er fordelte på dei tre regionale områda.
Trafikk og marknad har i dag åtte trafikkstyringssentralar som er lokaliserte i Oslo, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Hamar, Trondheim og Narvik. I tillegg er det stasjonert trafikkstyrarar på ca. 70 betente stasjonar der dette er nødvendig av omsyn til togtrafikken. I tillegg nyttar ein trafikkstyrarar til å betene "ubetente" stasjonar ved bl.a. større utbyggingar.
Trafikkstyringa skjer ved hjelp av fjernstyring, CTC, på det meste av jernbanenettet. Per 1.1.2010 er det følgjande strekningar med rutegåande tog som ikkje har fjernstyring: Mosjøen – Bodø, Røros – Støren, Hell – Storlien, Dombås – Åndalsnes, Kongsvinger – Elverum, Ski – Mysen – Sarpsborg (Austre line), Roa – Gjøvik, Myrdal – Flåm, Nelaug – Arendal.
Jernbaneverket arbeider med vidareutbygging av fjernstyring på Nordlandsbanen der strekninga Grong – Mosjøen – Bodø er under anlegg.
- Trafikkdirektør: Bjørn Kristiansen
Andre leiarar:
- Trafikkområde Aust: trafikksjef Paal Arve Sirnes
- Trafikkområde Vest: trafikksjef Ove Stien
- Trafikkområde Nord: trafikksjef Øyvind Brustad
-
- Kunde- og trafikkinformasjon: Torry Kristiansen
- Ruteplan: Nils Hansegård
Fakturaadresse for Jernbaneverket:
Jernbaneverket
Fellestenester
Postboks 4350
2308 Hamar
Oppgje kontaktperson og koststad for å lette fakturabehandlinga.
Organisasjonsnummer for alle einingar i Jernbaneverket er 971 033 533.