Trafikkdivisjonen i Jernbaneverket har ansvaret for operativ trafikkstyring, operativ ruteplanlegging, brytarstyring i kontaktleidningsanlegga på det nasjonale jernbanenettet og overføring og levering av omforma elektrisk energi til eigarar av baneanlegg. Trafikkdivisjonen består av ei lita stabseining i Oslo og dei regionale avdelingane Trafikkområde Aust, -Vest og -Nord.
Trafikkdivisjonen har i dag åtte trafikkstyringssentralar som er lokaliserte i Oslo, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Hamar, Trondheim og Narvik. I tillegg er det stasjonert trafikkstyrarar på ca. 70 betente stasjonar der dette er nødvendig av omsyn til togtrafikken. I tillegg nyttar ein trafikkstyrarar til å betene "ubetente" stasjonar ved bl.a. større utbyggingar.
Trafikkstyringa skjer ved hjelp av fjernstyring, CTC, på det meste av jernbanenettet. Per 1.1.2004 er det følgjande strekningar med rutegåande tog som ikkje har fjernstyring: Grong – Bodø, Røros – Støren, Hell – Storlien, Grong – Skogmo – (Namsos), Dombås – Åndalsnes, Kongsvinger – Elverum, Ski – Mysen – Sarpsborg (Austre line), Roa – Gjøvik, Myrdal – Flåm, Nelaug – Arendal.
Jernbaneverket arbeider med vidareutbygging av fjernstyring på Nordlandsbanen der strekninga Grong – Mosjøen - Bodø er under anlegg. Leiar av Trafikkdivisjonen: Leiar av Trafikkdivisjonen:
Trafikkdirektør: Arne Habberstad
Andre leiarar:
Trafikkområde Aust: trafikksjef Paal Arve Sirnes
Trafikkområde Vest: trafikksjef Ove Stien
Trafikkområde Nord: trafikksjef Øyvind Brustad
Fakturaadresse for Jernbaneverket:
Jernbaneverket
Fellestenester
Postboks 4350
2308 Hamar
Oppgje kontaktperson og koststad for å lette fakturabehandlinga.
Organisasjonsnummer for alle einingar i Jernbaneverket er 971 033 533.