TemaoppgåverHer finn du ei rekkje spørsmål om jernbanen og vegtrafikken; jernbanen og miljøet; jernbanedrift, jernbanenettet og jernbanen si historie. Som du kan hende skjønar, er tilfanget til spørsmåla hovedsakeleg henta frå menyane til venstre. Om du les dei ulike artiklane, vil du finne mange av svara. Lykke til!

  • Jernbane og vegtrafikk

    Kor mange vogntog må til for å transportere den same godsmengda som eit godstog?
  • Kor stor godsmengd, målt i tal på vogntog, vert årleg frakta på strekninga Bodø – Oslo t/r?
  • Kor mykje kostar trafikkskadane i Noreg kvart år?
  • Kor mange vert drepne og skadde på norske vegar kvart år?
  • Nemn ulike tiltak som kan få ned talet på ulykker.
  • Tenk deg at jernbanen skulle bli borte. Kva for fylgjer ville dette få?
  • Jernbanen og miljøet

  • Kvifor har jernbanen miljøføremoner i høve til andre transportformer?
  • Nemn føremoner og ulemper ved jernbaneutbygging.
  • Kva trur du må til for at jernbanen framleis skal vere ein miljøvinnar?
  • Jernbanedrift

  • Jernbanelina er meir enn berre skjener. Kva for fire hovudelement har vi?
  • Kva er føremonenene med elektrisk togdrift?
  • Korleis er det mogleg for krengetog å halde høgare fart i kurvene?
  • Kva for forarbeid må til før ein byggjer jernbanetunnelar?
  • Grei ut om korleis tunnelar vert bygde.
  • Kva er ATC?
  • Kva er CTC?
  • Jernbanenettet

  • Gje eit oversyn over større, pågåande utbyggingar på viktige jernbanestrekningar.
  • Finn fakta om din jernbanestrekning (tal på kilometer, dobbeltspor, bruer) og din jernbanestasjon.
  • Tenk deg at det er dobbeltspor på alle jernbanestrekningane i Noreg. Kva for positive (og negative) fylgjer ville dette få?
  • Jernbanehistorie

  • Kvifor var det vanskeleg å byggje jernbane i Noreg tidleg på 1800-talet?
  • Når og kvar vart den fyrste jernbanestrekninga i Noreg opna?
  • Kor mange passasjerar reiste med toget det fyrste året?
  • Kven var rallarane?
  • Kva for jernbanestrekningar vart opna før jernbanetrafikken fekk ein alvorleg konkurrent i den aukande biltrafikken på 1920-talet?
  • Nemn dei viktigaste hendingane under den andre verdskrigen.