Nynorsk

DrøftingsoppgåverFå til eit miljøordskifte i klasserommet! Drøftingsoppgåvene høver som debattgrunnlag i ulike læringssituasjonar. Dei kan også nyttast som individuelle, skriftlege oppgåver.

Jernbanen i eit miljøperspektiv

Jernbanen har klåre miljøføremoner, spesielt på grunn av lite luftforureining og støy. Satsing på jernbane og annan kollektivtransport gjev dei reisande eit transportalternativ som er mindre miljøskadeleg, og verkar difor til å minske dei negative miljøfylgjene frå transportsektoren. Jernbanen gjer det mogleg å auke talet på reisande og godsmengda utan at miljøet vert negativt påverka i same mon som ved andre transportformer. Likevel ser vi at talet på bilar og vogntog på vegane aukar i Noreg. Korleis kan jernbanen verte meir enn ein miljøvinnar? Kva for grep må gjerast for at aukande forureining frå bil, buss og vogntog skal stoggast? Korleis kan jernbanen verte vinnaren i samferdsle-Noreg?

Jernbanen i historisk samanheng

Mange vil hevde at jernbanen har hatt ei avgjerande rolle i samlinga av landet. Han har hatt stor tyding for handel, bustadsutvikling og ikkje minst vore ein av dei viktigaste årsakene til at det vi i dag kallar ”det vestlege verdssynet”, har erstatta det avgrensa verdssynet i det gamle bondesamfunnet. Kva er meint med denne påstanden og kva slag tyding har jernbanen generelt hatt for samfunnsutviklinga i Noreg?

Jernbanen i eit miljøpolitisk perspektiv

Utdrag frå temasidene til Sosialistisk Venstreparti om miljø på www.sv.no:
SV vil satse på kollektivtrafikk og rein energi for å ta vare på miljøet for dei som kjem etter oss. Å ta miljøet på alvor er å setje barn og unge fyrst.

Miljøproblema er internasjonale, men dei kan berre løysast om alle handlar lokalt. Eit betre kollektivtilbod fører til lågare utslipp av klimagassar. Det vil jamvel gje mindre luftforureining og støy i nærmiljøet. På dagar med ekstra høg luftforureining i byane må mange astmatikarar halde seg innandørs. På slike dagar er det bilen som må haldast heime, ikkje dei som har astma. Jamvel i distrikta er det viktig med eit godt kollektivtilbod, ikkje minst for at ungdomen skal kunne reise fritt.

Utdrag frå temasida til Høgre om samferdsle på www.hoyre.no:
Store avstandar i landet, flaskehalsar i vegnettet og lange transportvegar til marknadene i utlandet gjer det naudsynt å satse på investeringar i vegar og hamneanlegg. Høgre vil difor auke løyvingane til veginvesteringar monaleg. Høgre sitt mål er at alle delar av landet skal ha ein trygg og moderne infrastruktur. Høgre vil at jamvel private kan prosjektere, byggje, vedlikehalde og drive infrastruktur som hamner, vegar, jernbane og flyplassar.

I tettbygde strok av landet er eit velutbygd og godt fungerande kollektivsystem ein føresetnad for gode trafikale tilhøve og eit menneskeleg miljø. Høgre vil difor satse medvite på kollektivtrafikk i tettbygde strok og opne for at dei større byane tek over ansvaret for kollektivtilbodet i sitt område.

Dei høge norske transport- og drivstoffutgiftene påfører norsk næringsliv ein monaleg konkurranseulempe. Høgre vil redusere samla avgiftsbelastning på køyrety.

Drøft dei to partia sine syn på samferdsleutviklinga.