Tilrår ikkje stopp for Follobana på Kolbotn og Vevelstad

I 2007 og 2008 er stasjonstilknytinga for Follobana utgreidd av Det Norske Veritas, og rapporten er no klar. Den konkluderer med at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt å gje Follobana stopp korkje på Kolbotn eller Vevelstad.

Rushtid på Oslo S. Foto: JernbaneverketDet er Det Norske Veritas i samarbeid med Møreforskning AS og Samfunns- og næringslivforskning AS som har utført granskinga. Jernbaneverket skal no vurdere rapporten saman med andre forhold fram mot nyåret, og så gje si tilråding om grunnlag for vidare planlegging.


Granskarane kom tidleg fram til at Follobana ikkje burde ha stasjon på Vevelstad. Årsaka til det er Vevelstad ikkje utpekar seg som eit knutepunkt. Kostnadene har og auka vesentleg, da stasjonen i dei nye traséalternativa må liggje i fjell. Ein ny stasjon vil også gje store konfliktar med bustader, natur- og miljøverdiar. Dei fleste bustadene på plassen ligg langt unna Vevelstad stasjon, slik at folk like gjerne soknar til andre stasjonar langs Østfoldbana. Befolkninga kan difor få eit godt tilbod lokalt på Østfoldbana eller gjennom matebussar og innfartsparkering på Ski.

For Kolbotn er ikkje biletet like eintydig, men granskarane tilrår heller ikkje her stasjon for Follobana. Dei samfunnsøkonomiske utrekningane viser at for dei 2,6 milliardane som ny Kolbotn stasjon kostar, så får samfunnet mindre att for pengebruken enn om bana går direkte mellom Oslo og Ski. Ein ny stasjon for Follobana på Kolbotn vil berre gje 400 fleire reisande pr. døgn. Granskarane seier at Kolbotn likevel har eit betre potensial for utvikling som lokalt knutepunkt enn Vevelstad. Jernbaneverket tek stilling til dette spørsmålet i januar.

Samfunnsnytte
Veritas har også analysert samfunnsnytta til heile bana. Som vanleg i slike utrekningar får ikkje jernbaneinvesteringar ein positiv nytte-kost-rekneskap. Likevel slår Follobana langt meir positivt ut enn dei fleste jernbaneprosjekt, med opptil 0,54 kroner tilbake for kvar krone samfunnet legg ut. Granskarane skriv også at prosjektet har fleire positive kvalitetar som er vanskelege å kvantifisere, og som ikkje inngår i rekneskapen. Til dømes byggjer prosjektet opp under lokale og regionale strategiar for vekst i busettings - og næringsmønster og aukar verdien av heile regionen si kopling til utlandet. Dette gjer at samfunnet kan vente ei langsiktig avkasting av investeringane i prosjektet.

Follobana i samspel med betre utnytting av Østfoldbana gjev også om lag 11000 fleire reisande med tog pr. døgn og meir dersom tiltaket vert kombinert med matebussar og andre tiltak. Tiltaket vil auke talet på kollektivreisande med to prosent for heile Austlandet, noko som reknast for å vere svært mykje for eit einskilt tiltak.

Generelt gjev ei utbygging mogelegheit for langt høgare frekvens på togavgangane, køyretida vert halvert og det vert færre forseinkingar. Kapasiteten på dei to banene til saman aukar til meir enn det tredobbelte i forhold til Østfoldbana av i dag.