Anleggsarbeid stengjer Vossebanen midt på dagen i tre veker

I perioden 4.4.-21.4. 2016 skal det utførast viktige fornyings- og vedlikehaldstiltak på Vossebanen. Derfor blir strekninga stengd for togtrafikk måndag-fredag i tidsrommet 9.05-15.30, og det blir sett inn bussar i staden.

Det er svært tett trafikk på Vossebanen, derfor er det dessverre nødvendig å innstilla toga i periodar for å få utført påkravd opprusting og vedlikehald av infrastrukturen, samstundes som dei auka midlane skal nyttast med best mogeleg effekt.
I den nemnde perioden i april skal m.a. følgjande utførast:

  • Utbetring av dreneringsanlegg
  • Sporabeid
  • Flaumsikring langs Vosso
  • Rassikring
  • Rehabilitering av takkonstruksjonen i toghallen i Bergen
  • Skogrydding langs linja
  • Plating i tunnelar
  • Kontroll og utbetring av elektroanlegg
  • Arbeid med naudlys i Hernestunnelen

Dei reisande finn meir detaljert informasjon på NSBs nettsider, eller dei kan ta kontakt på NSBs kundesenter på tlf. 81500888.
Sjølv om det ikkje går ordinære tog i det nemnde tidsrommet, vil det kvar dag gå arbeidstog til ulike tider på dagen. Ein må derfor forhalda seg til sporet som normalt:
Tog kan ventast til ei kvar tid.
Sikring av sideterreng og betre drenering er blant tiltaka skal gjerast på Vossebanen. (Foto: Njål Svingheim)