Krevjande arbeid ved Egersund etter flaumen

Det er oppstått vanskar i samband med utbedtringsarbeida på Launes bru ved Egersund etter flaumen. Natt til onsdag vart brufundamenta meir undergravd enn til nå og det er ikkje klart kor lenge brua må vere stengd for trafikk. Ein har håp om at brua opnast att onsdag 16.desember.

Arbeidet med å utbetre skadene på bruene ved Launes i Egersund starta opp måndag ettermiddag. (Foto: Per Østebø)

(oppdatert måndag 14/12 kl 15)

Brufundamenta ved Launes i Egersund er vaska ut som følgje av storflaumen. Skadene auka i omfang som følgje av ytterlegare utvasking natt til onsdag. Det er eit krevjande arbeid å sikre brufundamenta. Måndag ser det ut til at brua kan opnast for togtrafikk att onsdag 16.desember.

Etter at Jernbaneverket saman med geologar og entrprenør hadde vurdert skadeomfanget på bruene som ligg like vest for Egersund, starta arbeidet med utbetring måndag ettermiddag.
Det er ein krevjande jobb å få sikra bruas fundament att etter at dei vart vaska ut av dei enorme vassmassene i flaumen etter uvéret sist helg. Grunnen under brufundamenta må sikrast og sjølve fundamenta utbetrast før det tog kan passere brua. Jernbaneverket vil saman men entreprenøren gjere dette så snart det er mogeleg å gjere på jobben på ein trygg måte. Det er ikkje mogeleg å gi noko tidspunkt for når Sørlandsbanen frå egersund til Hellvik kan opnast att.

Berkreimvassdraget gjekk langt ut over breiddene sine på fleire stader. For å sikre bruenes fundament på nytt, må det først settjast ned ein spuntvegg slik at forsterkningar kan gjerast der utvaskinga har skjedd. 

Persontoga på Jærbanen går som normalt frå Stavanger til Hellvik. Mellom Hellvik og Egersund er det bussforbindelse. Godstrafikken går til/frå Kristiansand inntil skadene på bruene ved Launes er reparert.