Stor innsats for å opne Bergensbanen

Det vert jobba på spreng for å kunne opne Bergensbanen att snarast mogeleg. Iherdig innsats skal få banen i stand att etter 200-årsflaumen.

Det jobbes på spreng for å kunne åpne Bergensbanane igjen snarest mulig. Iherdig innsats skal få banen i stand igjen etter 200-årsflommen.<Foto: Bjørn Skauge </strong>
Det er full fart i arbeida med å settje istand sporets underbygning på dei skadde stadene langs elva Vosso. Arbeida går hovudsakeleg ut på å leggje stor stein i botnen av jernbanefyllinga ut mot elva, for deretter å fylle på med sprengstein og til sist ballastpukk.

Samstundes vert det lagt kabelkanal på nytt slik at signal- og telekablane sikrast.Arbeidet vil gå føre seg kontinuerleg gjennom helga inntil banen vert opna att. Planlagt opning  er frå mandag føremiddag.

Bileta under er tekne ved Ho tunnel, der elva gjekk gjenom Bergensbanen sin tunnel. Bileta er tekne av  Ove Madsen I jernbaneverket. Sporet er no sett i stand på denne staden slik at arbeidsmaskinane kan passere. Det meste av skadene på banen er på strekninga frå Bulken til Avanger.