Intensivt vedlikehaldsarbeid på Vossebanen

På strekninga Bergen – Voss skal det gjennomførast omfattande vedlikehalds- og fornyingsarbeid dei neste fire vekene. – Samspelet er nøkkelen til suksess seier prosjektleiaren.

Arbeid med betre drenering i sideterrenget på Vossebanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
Lista over tiltak som skal gjennomførast i fire hektiske veker på den ca. 9 mil lange banestrekninga, er lang. Arbeida vert utførte på dagtid mellom morgon- og ettermiddagsrushet, og aktiviteten blir stor over heile strekninga.

Avgjørande samspel

- Jernbaneverket set inn alt av mannskap som ikkje er i snøryddingsberedskap på høgfjellet, fortel prosjektleiar Jernbaneverket si produksjonsavdeling på Voss, Jon Hermann Rivenes. I tillegg er det mannskap frå fleire private entreprenørar i sving innafor dei ulike fagområda. I timane som banen er stengd for vanleg trafikk på kvardagane i desse vekene, vil vi jobbe på 15 – 20 stader samstundes, seier Rivenes. Da er da at samspelet mellom anleggsleiarar, prosjektleiarar og sporkoordinator er avgjerande for å får tinga til å fungere. – Dette har fungert veldig godt i planleggingsfasen, og vi er trygge på at det vil fungere godt også i gjennomføringsfasen, seier Rivenes. – Det blir veldig spennande den første dagen. Da får vi svaret på kor god planlegginga vår er, seier Rivenes. Det største enkelttiltaket er nok arbeida med nye mastefundament på strekninga Trengereid – Tekvam. Der skal vi ha to boretog i sving samtidig, seier Rivenes.

Trafikkinformasjon
Vossebanen er stengd for vanleg trafikk måndag til torsdag/fredag frå klokka 08.50 til klokka 14.30 i perioden 17/3 til 10/4) Informasjon om toga det gjeld finn du på nettsida til NSB.

Lang liste

Her er nokre av dei større tiltaka som skal gjennomførast på Vossebanen i perioden frå 17. mars til 10. april:
• Kontrollarbeid på elektriske anlegg, heile strekninga
• Kontrollarbeid på signalanlegg, heile strekninga
• Kontrollarbeid på teleanlegg, heile strekninga
• Dreneringstiltak, rassikring og fjellrensk, -fleire delstrekningar: ved Romslo,  Trengereid, Trollkona tunnel, Saghaug,og  Boge
• Trollkona tunnel (8043 meter lang Bolstadøyri - Dale) får montert nødlys
• Hetta tunnel (1243 m) ved Stanghelle og Ho tunnel (710m) ved Evanger får nye sviller
• Trengereid – Arna: boring og støyping av nye fundament for kontaktleidningsanlegget
• Bergen stasjon: Arbeid på kontaktleidningsanlegget

Meir robust

Arbeida med drenering og rassikring går inn i eit større arbeid som vert utført på Vossebanen gjennom fleire år. – Vi nyttar denne perioden til å gjere arbeid som ligg så nær sporet at vi ikkje kan ha trafikk på linja, seier Rivenes. Dette arbeidet har høg prioritet som følgje av klimaendringane med stadig meir og intens nedbør. - Målsettinga med arbeida er sjølvsagt å gjere banen meir robust, både med omsyn tildet tekniske og med omsyn til terrenget banen går gjennom.
 
Vossebanen har svært tett togtrafikk, og det er ikkje mogleg å gjennomføre store vedlikehaldsarbeid på ein rasjonell måte utan å stengje banen for trafikk.
Såkalla "Sognemur for sikring av sideterreng. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>