Betre tilgjengelegheit på Vossebanen

Fleire av stasjonane på Vossebanen vert no moderniserte med nye plattformer og betre tilkomst. Dette er krevjande prosjekt i det bratte terrenget der stasjonane ligg.

Stanghelle stasjon har fått nye plattformer. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
- Bakgrunnen for at stasjonsprosjekta blei starta opp var omsynet til tryggleiken for passasjerane, fortel prosjektsjef Berge Sørstrønen.  Sams for stasjonane var at dei hadde smale mellomplattformer, mange togkryssingar, tronge forhold i terrenget og mange passasjerar. Derfor blei det vurdert som viktig å få betra tilhøva på desse stadene. Særleg var kombinasjonen smal mellomplattform, kryssande tog der begge har av- og påstiging vurdert som viktig å få gjort noe med. Derfor vert no mellomplattformene fjerna og på Stanghelle og Vaksdal erstatta av nye sideplattformer.

Vaksdal stasjon

Stasjonen ligg midt i tettstaden med bustader tett inntil jernbanen og svært bratte skråningar langs sporet. Her er det no bygd ei ny sideplattform i austleg retning med samband til vegbrua over stasjonsområdet. Hovudplattforma blir også modernisert. Begge plattformene blir 76 cm høge og lengda blir høvesvis 150,5 og 155 meter. I tillegg vert det bygd det ny plass for “kiss and ride”, løysing med ramper ned til den nye sideplattforma og nokre fleire parkeringsplassar. Stasjonen har også fått nytt kontaktleidningsanlegg, nytt leskur og  signalanlegg med kryssingsbarrierar.  Entreprenør er O.L. Kyte AS og kostnadene kjem på rundt 61 millionar kroner. - Vi har her måtta lage mange omfattande og store støttemurar i det vanskelege terrenget, fortel prosjektleiar Jon Roti. Mykje er også gjort under sjølve plattforma der det anlagt nye kabelføringsvegar og dreneringssystem. – Vi måtte faktisk også fornye og leggje om hovudavløpsleidningen frå tettstaden her da den gamle kom i konflikt med anlegget vårt, seier Roti. Vaksdal stasjon nærmar seg no fullføring og planlagd opning er på seinhausten i år.
På Vaksdal blir det bygd ny sideplattform austover på stasjonen. Plattforma skal tatast i bruk seinhaustes 2013.

Stanghelle stasjon

Stanghelle stasjon ligg, til liks med Vaksdal stasjon, i eit bratt og krevjande sideterreng. På Stanghelle har ein også måtta handsame rasfare undervegs i anleggsfasen, noko som førte til ei litt stuttare sideplattform enn først planlagt. Lengda er likevel på 155 meter. På Stanghelle er det også bygd ny hovudplattform og nye leskur. Stasjonen har ein sikra planovergang aust for plattformene, og all gangtrafikk er no lagd til denne overgangen. Den smale mellomplattforma er fjerna, og sideplattforma blei tatt i bruk i byrjinga av september. På Stanghelle er det også bygd nye føringsvegar for kablar under hovudplattforma og anlagt nye dreneringssystem. Sams for både Vaksdal og Stanghelle er at stasjonsbygningane er verna, og ein har måtta finne løysingar for korleis dei nye og høge plattformene skulle handterast inntil bygningane. – Vi har vald ei løysing der vi har en støypt dreneringskanal rundt bygningane, og plattformene går ikkje heilt inntil, seier Roti. – Det blir slike utfordringar når dei nye plattformene kjem så mykje høgare enn dei gamle, legg han til. Stanghelle stasjon er fullført i desse dagar, og oppgraderinga kjem på ca. 32 millionar kroner. Entreprenør på Stanghelle er Spilde AS.
Nye plattformer med leskur på Stanghelle.

Bulken stasjon

Bulken stasjon har fått ny hovudplattform, nye uteareal og betre tilkomstforhold. – Her har vi også krevjande forhold med omsyn til sideterrenget, seier Jon Roti. Mykje arbeid ligg også her under bakken i form av betre drenering og nye føringsvegar. Den nye hovudplattforma er også her 155 meter lang og 76 cm høg. Bulken hadde tidlegare ei smal og låg mellomplattform, men her har ein vald ikkje å byggje ny sideplattform av omsyn til trafikkmønster og kostnader. Entreprenør har vore Spilde entreprenørAS, med Jordal AS som utførande. Bulken stasjon blei ferdig i desember i fjor. Og anlegget kom på ca. 15 millionar kroner.

Bulken stasjon.

Voss stasjon

Som kjent går det føre seg det ei stor ombygging av Voss stasjon. Anlegget har slite med store utfordringar knytte til blant anna vanskelege grunnforhold. Som kjent blir ombygginga av Voss stasjon vesentleg dyrare enn først rekna, og prisen vil ende på ca. 344 millionar kroner. – Det er ikkje ei enkelt årsak som peiker seg ut i dette, seier Berge Sørstrønen. – Her har vi hatt ei rekkje faktorar som til saman har ført til ein mykje større kostnad enn venta. Voss stasjon vert bygd om til ein moderne stasjon for å handtere store trafikkstraumar. Spesielt i sommartrafikken er det dagleg svært mange av- og påstigingar på Voss. Det vert bygd ny mellomplattform, undergang under spora med heishus og tilkomst til områda på andre sida av spora. Det vert vidare bygd ny hovudplattform og bortsettingsspor for lokaltogsmateriell. Stasjonen har fått nytt kontaktleidningsanlegg til erstatning for det gamle frå opninga av Hardangerbana i 1935, og det er gjort store endringar i sporplanen og signalanlegget. Under bakken er det anlagt nye dreneringssystem og føringsvegar for kablar.  – Vi har no god styring og kontroll på den vidare framdrifta på Voss,  seier prosjektsjef Berge Sørstrønen.

Vossebanen får med desse oppgraderingane ei monaleg forbetring i tilhøva for dei reisande. På sikt er det meininga å trappe opp talet på avgangar til full timesfrekvens mellom Bergen og Voss.  I dag går det 15 tog i kvar retning på kvardagar.

Voss stasjon med ny mellomplattform. Det blir óg undergang under spora, heis og nye hovudplattform på Voss.