Utvida plattform ved Kjosfossen

Kjosfossen haldeplass på Flåmsbana har nå fått breiare plattform i tunnelen. Dette gjer tilhøva betre for dei mange turistane som vil gå av toget for å sjå på fossen.

Ny ig breiare plattform v ed Kjosfossen haldeplass. <strong> Foto: Bjørn Skauge</strong>
-  Plattforma på Kjosfossen var veldig smal på den delen som går inn i Baklitunnelen, og det har vore eit ynskje gjennom fleire år å få betra tilhøva der, seier prosjektleiar Karl Morten Undal i Jernbaneverket i Bergen. Den gamle plattforma var så smal som ned mot  80 centimeter i tunneldelen og nå er den utvida til om lag tre meters bredde fortel Undal. I sommarsesongen på Flåmsbana så er det gjerne 150 -200 personar som skal ut og inn av toget inne i tunnelen og nå vil vi få ein mykje betre flyt og på plattforma.

Heile prosjektet er gjennomført i vinter og oppdragsgjevar er Flåm Utvikling AS, som óg har finansiert anlegget. Sjølve plattforma er like lang og like høg som før, men altså utvida i bredda. Byggjetida var 10 veker og entreprenøren, Spilde AS, har utført anlegget utan at ordinær togtrafikk er råka. Jernbaneverket produksjon på Voss har stått for alle transportar til og frå Kjosfossen og dei har óg stått for flytting av tekniske installasjonar. 
Mange vil ut avtoget for å sjå fossen i sommarsesongen på Flåmsbana.<strong> Foto: Njål Svingheim </strong>