Oppgradering på Åndalsnes stasjon

Etter ein pause i vinter, startar no Jernbaneverket opp att arbeida med oppgraderinga av plattform til spor ein på Åndalsnes stasjon. Samstundes skal arbeida med å fornye parkanlegget ta til.

Jernbaneverket oppgraderer park og plattform på Åndalsnes stasjon. Illustrasjon: Tolstrups 3D StudioJernbaneverket og NSB sitt eigedomsselskap, Rom Eigedom, har sett i gang fleire tiltak for å oppgradere Raumabanen og leggje til rette for auka turisttrafikk på strekninga.

 I 2009 blei stasjonsbygningen på Åndalsnes fornya. Stasjonsbygningen, som er frå 1924, hadde ein tilhøyrande park. - Jernbaneverket skal no oppgradere parkanlegget med nokre av dei same elementa som den opphavlege parken hadde, fortel prosjektleiar Ivar Olsen.

Ny stasjonspark
Det er anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS som har fått oppdraget med å skipe parkareal vest og aust for stasjonsbygningen. – Parken får ny grasplen og til saman åtte nye tre. Dei eksisterande lauvtrea vil bli ståande, seier Olsen.  

Det vil bli lagt ny kantstein og skiferheller rundt parkområda og langs plattformene. Området skal vidare oppgraderast med nye benker, belysning, miljøstasjonar og sykkelparkering.

Andre arbeid ved stasjonen
Jernbaneverket, ved Entreprenør M. Kristiseter AS, har i 2009 bygt ny plattform på Åndalsnes stasjon. Dette er gjort for å auke kapasiteten med to spor til plattform slik at stasjonen kan betene to tog til plattform samstundes.

Hausten 2010 starta arbeidet med å oppgradere den eksisterande plattforma til spor ein. Plattforma er heva og skal få nytt dekke. Båe plattformene vil verte utstyrte med nye monitorar, høgtalaranlegg, lysanlegg og skilttavle.

På grunn av tidleg vinter på Åndalsnes i fjor har det vore ein midlertidig stans i arbeida på plattform til spor ein. - Desse arbeida, resterande arbeid på plattform til spor to og oppgraderinga av parken skal no gjerast ferdig før turistsesongen startar på Åndalsnes. Det vil seie i løpet av mai, fortel prosjektleiaren.

Konsekvensar for reisande
Så lenge arbeida med plattform går føre seg, vil plattform til spor 1 vere stengd. Reisande må nytte plattform til spor 2.

Når arbeida med plattform til spor 1 er ferdige, skal Jernbaneverket utføre nokre etterarbeid på plattform til spor 2. I denne perioden må reisande nytte plattform til spor 1.

Jernbaneverket seier seg lei for dei ulempene anleggsarbeida medfører for reisande.

Parken får ny grasplen og til saman åtte nye tre. Området skal vidare oppgraderast med nye benker, belysning, miljøstasjonar og sykkelparkering. Illustrasjon: Tolstrups 3D studio.