To spor Sandnes - Stavanger

Prosjektet inneber ei total oppgradering av jernbaneanlegget mellom Sandnes og Stavanger. Sjølve utbygginga er delt inn i fire parsellar med ulik oppstartsdato. Her finn du generell informasjon om prosjektet.

biletet syner flyfoto av nye Jåttåvågen haldeplass i Stavanger

Dagens enkeltspor vert utvida til dobbeltspor og vi byggjer nye haldeplassar på Gausel, Jåttåvågen og i Paradis. Mariero haldeplass vert oppgradert til dagens standard og Hillevåg haldeplass vert lagd ned.


Hovudpunkt:

  • Byggjeperiode: 2006 – 2009
  • 14,5 km ny jernbane
  • Kostnad: 2,3 milliardar NOK
  • Dobbeltsporet vert bygd langs dagens jernbanetrase
  • Nye haldeplasser: Gausel, Jåttåvågen og Paradis. Mariero vert oppgradert, medan Hillevåg vert lagd ned.

Parselloversikt

Dobbeltsporutbygginga er delt inn i fire parsellar. Desse hadde ulike oppstartsdatoar.

Jåttåvågen:

Anleggsstart oktober 2006

Lurahammaren – Jåttåvågen:

Anleggsstart mars 2007

Sandnes – Lurahammaren:

Anleggsstart september 2007

Hinna – Stavanger:

Anleggsstart mai 2008

Arbeidet vil gå parallelt på heile strekninga i byggjeperioden.

Entrepriseoversikt

Utbygginga inneheld ei rad entreprisar. Dei fire parsellane som er nemnde over, er eigne grunnentreprisar.

Prosjektet inneber fleire entreprisar. Blant anna har kvart av dei jernbanetekniske faga sin eigen entreprise. Sporlegging, køyreleidning (KL) og signal er alle eigne entreprisar som vil verte utførte i omtrent same tidsrom som grunnentreprisane.

Førebuande arbeid

Denne entreprisen går over heile strekninga og inneber klargjering for sjølve anleggsarbeidet. Det skal blant anna rydjast, flyttast og trekkjast kablar kloss opptil skjenegangen og monterast mellombels kontaktleidningsmaster. Dette arbeidet vil gå føre seg fram til sommaren 2008.