Støytiltak ved utbygginga

For å stette krav til støy gjennomfører Jernbaneverket ei rekkje støytiltak mellom Sandnes og Stavanger i samband med dobbeltsporutbygginga.

Illustrasjonsfoto: Øystein GrueNår dobbeltsporet vert sett i drift i 2010, vil støynivået verte redusert med 2 dBA sjølv utan at støytiltak vert gjennomførte. Hovudgrunnen til denne reduksjonen er at godstrafikken vert borte når Ganddal godsterminal opnar, og at kvaliteten på jernbaneanlegget er betre.


På grunnlag av støyutrekningar lagar ein støykotekart for utandørs støy på heile strekninga mellom Sandnes og Stavanger. Støykotekarta er igjen grunnlaget for dei utrekningane som ein gjer for innandørs støy. Jernbaneverket sin rådgjevar for dette arbeidet er Norconsult AS.

Innandørs og utandørs støykrav

Reguleringsplanen set krav til innandørs og utandørs støynivå. Innandørs døgnekvivalent støynivå (gjennomsnittsnivå på støy) skal vere på 30dBA eller lågare. Utandørs er kravet at det skal finnast ein opphaldsplass i hagen eller liknande som har eit tilsvarande støynivå på 55 dBA eller lågare. Dette stettar krava i plan- og bygningsloven i dag.

Trass i auka lokaltrafikk på det nye dobbeltsporet vert altså det totale støynivået redusert med 2 dBA når jernbaneanlegget står ferdig. Hovudgrunnen til dette er at godstrafikken forsvinn på strekninga mellom Sandnes og Stavanger. Jernbaneverket gjennomfører likevel ulike tiltak for å imøtekomme krava til støy på strekninga mellom Sandnes og Stavanger.

Støytiltaka som no vert prosjekterte, er delte inn i tre typar:

  • Støyskjermar i og ved sporområdet
  • Støytiltak på bygningar (vil typisk vere utskifting av vindauge, installasjon av lyddempande ventilar og fasadeforsterkningar)
    Støyskjermer ved utandørs opphaldsareal.

 

Støyskjermer i og ved sporområdet

Støyskjermar i og ved sporområdet reduserer utandørs støy framføre fasadar ved omliggjande bustader (spesielt i 1. etasje). Slik skjerming er spesielt effektiv når ho vert plassert nær støykjelda, som i stor grad er hjula på toga.

Eksempel på låve støyskjermar nytta i Sverige.Låve støyskjermar

 Eksempel på låve støyskjermar nytta i Sverige.
Eksempel på låge støyskjermar nytta i Sverige. I detaljplanen, planen som dannar grunnlaget for byggjeplan og prosjekteringa som nå skjer, vart det føresett 2 til 2,5 meter høge samanhengande støyskjermar med ein total lengd på ca. 6 kilometer.

Prosjektet har introdusert bruk av låge, spornære skjermar som får ei høgd på om lag 0,75 meter over sporet. Desse skal erstatte dei høge skjermane på dei delane av strekninga der høge skjermar påverkar utsiktstilhøva, til dømes mot Gandsfjorden. Effekten av desse låge støyskjermane er omtrent lik effekten av tradisjonelle høge støyskjermar sidan dei vert plasserte heilt inntil sporet.

Til saman vert det sett opp ca. 6,3 km låge, spornære støyskjermar og ca. 3,5 km høge, tradisjonelle støyskjermar langs strekninga. I tillegg vil ca. 60 eigedomar få lokale skjermingstiltak, og ca. 330 hus blir vurderte i samband med fasadetiltak.

– Låge støyskjermar representerer eit hinder for vedlikehald av jernbanen, men er blitt aksepterte etter ei totalvurdering i Jernbaneverket. Vi voner at denne løysinga vil gjere grannar og folk som bur i nærleiken av spora, nøgde, seier prosjekteringsleiar i Jernbaneverket, Tryggve Sørvig.

Støytiltak på bustader

 – Støytiltak på bustader går i dei aller fleste tilfella ut på å forbetre vindauga og lufteventilane slik at mindre støy slepp gjennom. Der det ikkje er tilstrekkeleg å skifte vindauge eller ventilar kan det vere naudsynt med ytterlegare lydisolering av vegger eller tak.

– Alle aktuelle bustader / bygningar blir synfarne av støyspesialistar. Dette arbeidet er sett i gang. Huseigarar vil bli kontakta for avtale om synfaring. Vi foreslår støytiltak baserte på synfaringar og den kunnskapen vi da får. Når vi i samarbeid med dei einskilde huseigarane blir samde om støytiltak, skriv vi avtaler med kvar einskild eigar. Vi voner og trur at denne prosessen vil gå greitt, legg Sørvig til.

Støyskjermar på utandørs opphaldsareal

– Kravet er at eitt utandørsområde skal ha akseptabelt støynivå og samtidig eigne seg for opphald. Dei stadene der det ikkje er føremålstenleg med støyskjermar ved sporområdet, og eigedomen manglar opphaldsareal med fullnøyande lydtilhøve, utarbeider vi eit framlegg til støyskjerming av ein utandørs opphaldsplass. Desse framlegga vert diskuterte og avtala med eigar før dei vert utførte, seier Sørvig.

Eigne informasjonsmøte om støy

 Jernbaneverket planlegg informasjonsmøte som omhandlar støytiltak for alle råka naboar. Dette skjer etter kvart som vi får oversikt over tiltaka på dei ulike parsellane. Varsel og informasjon om desse møta vert gitt til grannane.