Bakgrunnen for prosjektet

Kapasiteten på strekninga mellom Sandnes og Stavanger er sprengd. Utan dobbeltspor vil ikkje jernbanen kunne hjelpe vesentleg til å dekkje veksten i transportbehovet på Nord–Jæren.

Sandnes stasjonTrafikken på Jærbanen har auka monaleg dei siste åra. Sidan lokaltilbodet vart betra i 1992 har talet på reisande vorte nesten firedobla. I 2006 reiste 2 500 000 menneske med Jærbanen.

Auka kapasitet

Dobbeltspor og tre nye haldeplassar gjev vesentleg auka kapasitet. Ein dobbeltspora jernbane kan i rushtida frakte like mange passasjerar som to firefelts motorvegar ved sida av kvarandre.

Det er lagt opp til at det skal gå eit tog kvart kvarter mellom Sandnes og Stavanger. I dag går lokaltoga med halvtimesfrekvens mellom dei to byane.

Utbygginga legg grunnlaget for ei vidare utvikling av jernbanen og ein eventuell bybane på Nord-Jæren.

Miljøføremoner

Fylkesdelplanen for langsiktig byplanlegging på Jæren legg miljøvennleg transport og avgrensa arealbruk til grunn for vidare utvikling. Ein moderne jernbane har klare føremoner med omsyn til miljø, tryggleik og arealeffektivitet. Jernbanen reduserer miljøbelastninga og aukar framkjømda og tryggleiken på vegane. Jernbaneverket vektlegg utbygging av jernbanen i og rundt dei store byane i Noreg.

Illustrasjonsfoto: Stillverket på Stavanger stasjon. Foto: Marte Monsen StrandskogAuka marknadsdel

 Mellom Sør-Jæren og Nord-Jæren har toget nå ein marknadsdel på 30–50 prosent av arbeidsreisande. Målet er å doble marknadsdelen for banetrafikk over ti år.

For å auke jernbanen sin marknadsdel er det behov for meir kapasitet og fleire haldeplassar på strekninga mellom Stavanger og Sandnes. Dette er berre mogleg ved at det vert bygd dobbeltspor.