Arbeida på Vålåsjø startar opp att

I all hovudsak vart arbeida som skulle gjerast i 2010, gjennomførte som planlagt. I tillegg til å byggje spor bygde vi driftsveg og undergang for tilkomst til hyttene og friluftsområdet. No som vinteren slepper taket, har arbeidet med kryssingssporet starta opp att.

Denne sesongen skal det blant anna etablerast fundament for master til kontaktleidningsanlegget, leggjast kabelkanalar og setjast opp gjerde. Dette skal Brødrene Gjermundshaug Anlegg AS gjere.

Børset og Bjerkset Entreprenør AS skal byggje eit teknisk hus på sørsida av sporet, og Jernbaneverket si driftsavdeling skal montere kontaktleidning og etablere straumforsyning til blant anna sikringsanlegg og sporvekselvarme.

Arbeidet med å produsere sikringsanlegg til det nye kryssingssporet er forseinka. Kryssingssporet blir sett i drift så snart sikringsanlegget er produsert, montert og godkjent. Dette skal etter planen gjerast hausten 2012.

Betre tilkomst
For å betre tilkomsten til eigedommane og turområdet nord for jernbanelina vart det i fjor bygd ein ny undergang. Gjennom den fire meter breie og fire meter høge undergangen kan kjørety på opp til 11 meter passere uhindra.

På sørsida av jernbanelina skal det byggjast ei utfartsparkering der det blir plass til fire bilar. Arbeidet med undergangen og parkeringsplassen skal vere ferdig før sommarferien startar.

Fokus på miljø
Omsynet til miljøet er ei viktig føring for prosjekta i Jernbaneverket. Det skal etablerast ein ny forsyningskabel til det nye kryssingssporet. Denne skal vi grave ned på tvers av elva. Av omsyn til fisken i elva skal dette gjerast i juli etter at gytetida er over.

Det er svært mange freda kulturminne ved osen på Vålåsjøen. Den planlagde stigen frå den gamle vaktarbustaden til naustet går utanom desse kulturminna.

Jernbaneverket er med og finansierer eit prosjekt som forskar på villreinstammen på Dovrefjell. Eit tal villrein har fått GPS-sendar, og posisjonen til desse blir registrert kvar fjerde time. Eitt av måla med dette er å sjå kor kjenslevar villreinen er for blant anna anleggsverksemd.

Før driftsvegen er ferdig, kan det bli noko støv og søl på vegane i området. Vi vil vatne eller salte vegen om det er behov for det, og vi vil gjere rein E6 om det blir mye søl der.

Vegetasjon
Om lag 90 % av lausmassane som vart tekne ut av området da arbeida på Vålåsjø starta, skal brukast om att på anlegget. Jordmassane som i fjor sommar vart lagde i deponi, vil i løpet av forsommaren bli lagde tilbake. Slik vil dei buskene og blomstrane som allereie er i området, etter kvart danne det nye markteppet.

Resten av massane vil bli brukt av Forsvaret i sanerings- og revegeteringsprosjektet i det gamle skytefeltet på Hjerkinn.

Støy
Frå no av og framover våren vil 77 fundament for nytt kontaktleidningsanlegg bli sette ned. Boring av hola for desse fundamenta vil føre til noko støy. I rapporten som er vedlagt ser de kva område som blir mest råka.

Den nye undergangen vil gi betre tilkomst til eigedommane og turområdet nord for jernbanelina. (Foto: Hilde Lillejord/Jernbaneverket)