Arbeidet med det nye kryssingssporet på Dovrefjell i rute

Detaljplanen for Vålåsjø kryssingsspor på Dovrefjell er nå vedteke. Signering av kontrakt for den første entreprisen vil skje etter påske.

Målet for bygging av nytt kryssingsspor på Dovrefjellet er å skapa fleksibilitet og auke kapasitet på Dovrebanen (Foto: Jernbaneverket).Det nye kryssingssporet på Vålåsjø (mellom Fokstua og Hjerkinn) vil bli bygd dei to kommande sommarsesongane, fortel prosjektleiar Esad Karahasan (URN). Han fortel vidare at målet er at det nye kryssingssporet skal væra med på å auke både fleksibilitet og kapasitet på Dovrebanen, noko som vil ha stor verdi for godstransporten.

Etter planen skal bygginga starte 3. mai i år.

Godkjenningar
Dovre kommune godkjende reguleringsplanen i slutten av februar, og detaljplanen vart nettopp godkjend av Jernbaneverket. I etterkant av godkjenningane har prosjektet kontrahert leveranse av ein betongundergang frå NOBI AS. Firmaet har allereie starta produksjon av undergangen.

Den første entreprisen dekkjer underbygning, overbygning, samt vegarbeid knytta til anlegget. Klagefristen for den gjennomførde konkurransen for E01 har ikkje gått ut enda. Signering av kontrakt vil derfor skje rett etter påske. Befaring før bygging (Foto: Jernbaneverket).

Arbeidet med konkurransegrunnlag for entreprise E02/Kontaktlednings- og lågspentanlegg og entreprise E03/Signal- og teleanlegg held fram.