Kryssingsspor på Sørlandsbanen vert lengre

Sju til ni kryssingsspor på Sørlandsbanen vest for Kristiansand er tenlege til forlenging når godstogkapasiteten på strekninga skal aukast. Først ut er Ualand kryssingsspor i Lund kommune i Rogaland, der prosjekteringa startar no.

  
Ualand kryssingsspor, slik det ser ut no. Biletet er teke i retning Stavanger.  (Foto: Karl Ivar Urdal)Satsinga på kryssingsspor tek utgangspunkt i godsstrategien for Jernbaneverket, der målet er å doble transportkapasiteten fram til 2019, og tredoble han innan 2040. Samstundes er det ein klar tendens til auke i godstrafikken på strekninga, ikkje minst etter at det kom godsterminal på Ganddal i Sandnes i 2007.

Kan ta godstog på opptil 600 meter
Kryssingssporlengdene på Sørlandsbanen vest for Kristiansand er med få unnatak særs korte. Brorparten av dei 26 kryssingspora på strekninga har ei lengde på godt under 400 meter. Ualand kryssingsspor som i dag er 407 meter, vert utvida til 680 meter.

– Mange av godstoga i dag er 400 meter, men når vi først byggjer ut kryssingsspor, løfter vi blikket frå stoda i dag og planlegg for å kunne ta 600 meter lange tog. Det er ei rekkje moglege kryssingssporprosjekt frå Kristiansand og vestover. Sju til ni av desse er aktuelle kandidatar for prosjektering, seier prosjektleiar Karl Ivar Urdal i Regionale prosjekter i Utbygging.

Fordelar ved å utvide
Mange av dei noverande kryssingsspora ligg i tettbygde strok, som regel i tilknyting til stasjonar.

– Det kan ha sine utfordringar å byggje 400 meter spor i tettbygde strok, når ein tenkjer på grunnerverv. Ein av føremonane med å utvide eksisterande kryssingsspor, samanlikna med å byggje nytt, er at ein i dei fleste tilfella vil kunne nytte eksisterande sikringsanlegg på stasjonen, opplyser Urdal.

Stor nytteverdi
Effektmåla som ligg til grunn for Ualand kryssingsspor er ved sidan av at ein kan føre fram fleire og lengre godstog, også å gjere ruteplanane meir robuste og fleksible. Indirekte styrkjer kryssingssporet dessforutan tryggleiken på E18 og E39 mellom Oslo og Stavanger. Når ein større del av godstransporten kjem over på bane, gjev det mindre tungtrafikk og færre ulykker på vegen.

– Ein kan ikkje talfeste effekt frå Ualand kryssingsspor aleine, men noko av grunnen til at Ualand kjem først i rekkja, er at dette kryssingssporet gjev best effekt på kort sikt, forklarar Urdal.

Nodeland neste Nodeland stasjon og kryssingsspor. (Foto: Njål Svingheim)
– Ualand kryssingsspor er med andre ord berre starten på satsinga, det neste i løypa er Nodeland kryssingsspor ved Nodeland stasjon i Songdalen i Vest-Agder der nokre avklaringar manglar før ein kan kome i gang med prosjekteringa.

– Prosjekteringa for Ualand starta no i april, og den skal vere ferdig rundt 1. november. Vi satsar på å ha grunnarbeidsentreprenør på plass ved utgangen av året. I 2010 blir det bygging, og kryssingssporet kjem i drift på tampen av året. Kostnadsoverslaget for prosjektet er drygt 50 millionar kroner, opplyser Urdal.