Dalane stasjon ferdig ombygd

Dalane stasjon ved Kristiansand er nå ferdig ombygd til fjernstyrt stasjon. Samstundes har Sørlandsbanen óg fått eit nytt kryssingsspor.

Dalane stasjon er nå ferdig ombygd til kryssingsspor på Sørlandsbanen. <strong> Foto: Lars Christen Kihle </strong>Dalane stasjon har nå fått hovudutkøyrsignalar frå kvart togspor og med det har vi faktisk fått eit nytt kryssingsspor på Sørlandsbanen, seier fungerande banesjef Arne Bujordet i Kristiansand. Frå ruteendringa 8.desember vil det bli faste togkryssingar på Dalane stasjon som nå er styrt frå trafikkstyringssentralen i Kristiansand.

Dalane stasjon ligg der hovudsporet frå Oslo til Kristiansand og ‘Nordre tilsving’ vidare retning Stavanger skiljer lag, tre kilometer før Kristiansand stasjon. Til nå har det vore naudsynt med bemanning på Dalane for å kunne ha kryssingar der.

I åra 2008 – 2010 skjedde det tre avsporingar med godstog ved Dalane då tog passerte såkalla dvergsignal som viste ‘køyring forbode’. Toga køyrde då inn i eit avvikande spor og traff sporbutten. I ei av hendingane kom toget nær ut i riksvegen på staden. Nå har alle spora fått eigne utkøyrsignalar med tilhøyrande oppgradering av signalanlegget og stasjonen er med det kraftig modernisert sikringsmessig.

Alle godstog mellom Oslo og Stavanger vert køyrd over ‘Nordre tilsving’.