Blåste i gang godsterminalen

Dei mørke skyene over Rogaland forsvann da samferdsleminister Liv Signe Navarsete blåste i gang trafikken på den nye godsterminalen på Ganddal i Sandnes kommune under den offisielle opninga måndag 21. januar.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete brukte flagg og fløyte for å markere opninga av Ganddal godsterminal. Ein nøgd jernbanedirektør Steinar Killi til venstre for statsråden (foto: Sindre Ånonsen).-Ganddal godsterminal representerer satsing både på klima, næringsliv og tryggleik, sa Navarsete i opningstala si, og understreka kor viktig godsterminalen er med omsyn til å redusere utsleppa frå vegtrafikken og overføre trafikk frå veg til bane.
For å illustrere dette betre: Godstrafikken som vert handsama av godsterminalen og Sørlandsbanen på eitt år, tilsvarer 50.000 trailertransportar på E39.

-Og vi ser ein gledeleg vekst når det gjeld gods på jernbanen, la Navarsete til. Jernbanedirektør Steinar Killi sa at det i perioden frå 2010 til 2020 er lagt opp til å bruke 3,7 milliardar kroner på målretta godstiltak, noko som skal gi ei dobling av godstransporten på jernbanen.

-Ganddal er slik sett første skritt på vegen for å nå desse måla. Nå vil det bli ei større oppgradering av Alnabru og deretter ei modernisering av terminalane i Bergen og Trondheim, sa Killi, som også gratulerte dei mange som har medverka til at bygginga av godsterminalen har vore eit vellykka prosjekt. Bygginga av terminalen starta i desember 2005 etter nærmare 10 år med planlegging. Terminalen vart teken i ordinær bruk 2. januar i år.