Passar på elva i Arna

Annakvar veke er ho på plass i Storelva og tek prøver av vatnet. – Vi følgjer med på PH-verdiane for å kontrollere at elva ikkje vert forureina av anleggsarbeidet, fortel miljørådgivar Marte Thorsen i Jernbaneverket.

Omfattande tiltak i elva
Storelva er den einaste lakseførande elva iMiljørådgivar Marte Thorsen i Jernbaneverket måler PH-verdien på vatnet i Storelva annakvar veke. Bergen kommune. Elva renn under Arna stasjon i ein vasstunnel med altfor liten kapasitet. I samanheng med bygginga av dobbeltspor frå Arna til Bergen utvidar ein derfor vasstunnelen slik at han kan tole ein 200-årsflaum.

Før bygginga tok til, engasjerte Jernbaneverket konsulentar til å kartlegge fiskebestanden og miljøet i elva. 

Bygginga må skje med minst mogleg ulempe for fisken, og det fører mellom anna til at ein ikkje arbeider i elva i mai månad når laksesmolten vandrar ut av elva. 

Vatn frå tunnelanlegget skal heller ikkje sleppast rett i Storelva, men vert pumpa til eit eige reinseanlegg før det går over i det kommunale avlaupssystemet.

Testar undervegs
Ved særskilde arbeidsoperasjonar som til dømes støyping, tek miljørådgivaren òg utvida prøver av vatnet for å kontrollere at kvaliteten er som han skal.

– Fyrste del av vasstunnelen er no ferdig, og konsulentar frå Uni Research har sjekka dei fiskebiologiske botnforholda og det ser bra ut, seier Marte Thorsen nøgd. – Målet vårt er jo at miljøet i elva skal vere minst like bra som før når vi er ferdige med bygginga.

Dykkarar frå Uni Research sjekkar botnforholda i elva.