Tilleggsutgreiing Arna - Voss

Samferdselsminister Ketil Solvik - Olsen lovar ei rask avklaring om val av konsept for betre veg og bane mellom Arna og Voss. Jernbaneverket har nå levert ei tilleggsutgreiing som held fast ved tilrådinga om dobbeltspor på strekninga.

Rasutsett strekning ved Boge. (Foto: Njål Svingheim)
-Tilleggsutgreiinga gir oss utfyllande vurderinger som er viktige i den vidare handsaminga av kva som skal skje på den rasutsette strekninga Arna – Voss, seier samferdselsministeren. Både veg og bane på strekninga er rasutsette, har for liten kapasitet og for lang reisetid. Statens vegvesen og Jernbaneverket leverte i fjor ein KVU (konseptvalutgreiing) for veg og bane på strekninga. Tilrådingane frå KVUen og frå kvalitetssikringa av denne var motstridane med omsyn til val av løysing. Derfor blei Jernbaneverket beden om å laga ei tilleggsutgreiing som ser nærare på dette.

Fastholder anbefalingene
Etter å ha gått gjenom fleire ulike tilnærminger held utgreiinga fast ved det tilrådde alternativet, det såkalla K5. Dette tyder at det tilrådes å byggje ut både ny bane og ny veg på strekninga. Dette kan gjennomførast i etapper og ved å starte vestfrå får ein tidlegast mogeleg effekt av tiltaka. Dette vil gje kortare reisetid, større kapasitet og ikkje minst større tryggleik. Alternativet kan óg samkøyrast med ei utbygging av bane og veg, ved å leggje opp til rømningsvegar mellom bane- og vegtunnelane kan det oppnåast store kostnadsgevinstar.
- Vurderinger av løysinger med lågare investeringsnivå syner at desse ikkje gir dei effektar ein ynskjer å oppnå for ein trygg og påliteleg bane med redusert reisetid og god kapasitet også for godstrafikk, heiter det i konklusjonen på utgreiinga.

Etappevis 
I tilleggsutgreiinga vert det konkludert med at ei utbyggjing bør skje etappevis og starte opp frå Arna. Dette gir umiddelbar effekt på svært rasutsette strekningar og auker samstundes kapasiteten der trafikken er størst.