KVU Voss – Arna

Strekninga Voss – Arna er ei utfordring for Jernbaneverket og Statens vegvesen. Både jernbanen og E16 på strekninga har behov for betre utforming, tryggleik og kapasitet.

<strong>Foto: Inge Hjertaas</strong>
Konseptvalutgreiing (KVU) i samarbeid mellom Statens vegvesen og Jernbaneverket starta i 2012 og vart avslutta og overlevert Samferdselsdepartementet 1. april 2014.

Sidebratt terreng og høge skjeringar gir stor fare for skred og steinsprang både på veg og jernbane på heile denne strekninga. På nedsida er det “rett i fjorden” på fleire parti. Klimaendringane har forverra situasjonen. Kurvatur og standard elles er svært variable på begge trafikkårene, og reisetida blir deretter. I tillegg er vegen er svært ulykkesbelasta, og trafikken aukar stendig. Terrenget er slik at det knapt nok er plass til dagens veg og jernbane, derfor er det naturleg og nødvendig at Jernbaneverket og Statens vegvesen går saman for å finna optimale løysingar for dei radikale tiltaka som må gjennomførast på sikt.

Oppdraget med KVU’en bygde på forprosjekt og prosjektplan som var klare i mai 2012. Prosjektgruppa for KVU-arbeidet hadde følgjande deltakarar:
Statens vegvesen (SVV): Kjell Kvåle, (prosjektleiar SVV), Bjørn Alsaker, Erik Johannessen, Olav Lofthus, Liv Janne Kvåle, Arnfinn Ansok
Jernbaneverket (JBV): Lars Rugtvedt (prosjektleiar JBV), Cecilie Bjørlykke, Helge Bontveit, Hanne Dybwik, Per Jorulf Overvik og Arve Jørgen Hustadnes.

I styringsgruppa medverka Lars Christian Stendal og Per Pedersen frå JBV, og Paal Fosdal (leiar) og Jan Martinsen frå SVV. Det var i tillegg ei referansegruppe med deltaking frå kommunane Voss, Vaksdal og Bergen, Hordaland fylkeskommune, transportorganisasjonar og fleire.

Fem hovudkonsept er presenterte i rapport datert april 2014. Det minst omfattande, og billegaste, er utbetring av dagens infrastruktur, det mest ekstreme er nye trasear på nesten heile strekninga.
 

Konsept Omfang Kostnad bane/veg Sum kostnad
K0 Referansealternativ -dagens situasjon med vedtekne tiltak    
K1 Utbetring av veg og bane 1,8 mrd / 2,7 mrd 4,5 mrd
K2 Maks innkorting av veg, utbetringar bane 1,8 mrd/ 13,8 mrd 15,6 mrd
K3 Stor innkorting bane, veg med midtfelt i dagens trasé 29,4 mrd/ 6,5 mrd 35,9 mrd
K4 Utbetring bane, delvis møtefri veg i dagens trasé 1,8 mrd/ 9,7 mrd 11,5 mrd
K5 Stor innkrting av bane og veg - kombinasjonsløysing 21,9 mrd/ 11,5 mrd 33,4 mrd

Reisetid bane er i dag 63 min Voss - Arna, for K1, K2 og K4 blir dette tilnærma uendra. K3 og K5 vil gi reisetid mellom Bergen og Voss på ca. 32 min.

Rapport datert april 2014, med presentasjon av dei fem ulike konsepta, er lagt ved til høgre på denne sida. Der finn du óg delrapportar og tilleggsutgreiiga frå september 2015.