Konseptvalutgreiing Voss - Arna

Strekninga Voss - Arna er ei utfordring for Jernbaneverket og Statens vegvesen. Både jernbanen og E16 på strekninga har behov for betre utforming, tryggleik og kapasitet.

 

 

Konseptvalutgreiing (KVU)  i samarbeid mellom Vegvesenet og Jernbaneverket starta i fjor.

Sidebratt terreng og høge skjeringar gir stor fare for skred og steinsprang både på veg og jernbane på heile denne strekninga, og på nedsida er det “rett i fjorden” på fleire parti. Klimaendringane har forverra situasjonen.  Kurvatur og standard elles er svært variable på begge trafikkårene, og reisetida blir deretter. I tillegg er vegen svært ulykkesbelasta, og trafikken aukar stendig. Terrenget er slik at det knapt nok er plass til dagens veg og jernbane, derfor er det naturleg og nødvendig at Jernbaneverket og Statens vegvesen går saman for å finna optimale løysingar for dei radikale tiltaka som må gjennomførast på sikt.

Jordskred ved Langhelle i 2005. E16 og Vossebanen sperra.  Foto: Bjørn Skauge

Jordskred ved Langhelle i 2005. E16 og Vossebanen sperra. Foto: Bjørn Skauge

Oppdraget med KVU’en byggjer på forprosjekt og prosjektplan som var klar i mai 2012. Prosjektgruppa for KVU-arbeidet har hatt Kjell Kvåle frå Statens vegvesen som prosjektleiar, frå JBV deltar Lars Rugtvedt, Cecilie Bjørlykke, Kenneth Nielsen, Per Jorulf Overvik og Arve Hustadnes. JBV sine representantar i styringsgruppa er Lars Christian Stendal og Per Pedersen. Det er i tillegg ei referansegruppe med deltaking frå kommunane Voss, Vaksdal og Bergen, Hordaland fylkeskommune, transportorganisasjonar ofl.  

Møte i referansegruppa 18.9. Fv. Lars Rugtvedt, Kjell Kvåle, ordførar i Vaksdal Eirik Haga og ordførar i Voss Hans Erik Ringkjøb.

Møte i referansegruppa 18.9. Fv. Lars Rugtvedt, Kjell Kvåle, ordførar i Vaksdal Eirik Haga og ordførar i Voss Hans Erik Ringkjøb.

Fem hovudkonsept er presenterte i rapport datert 12.9.13. Det minst omfattande, og billegaste, er utbetring av dagens infrastruktur, det mest ekstreme er nye trasear på nesten heile strekninga.:

Konsept

Omfang

Kostnad bane/veg

SUM kostnad

K0

Referansealternativ – dagens situasjon med vedtekne tiltak.

K1

Utbetring av dagens infrastruktur

(kryssingsspor og tryggingstiltak)

2 mrd./0,8 mrd.

2,8 mrd.

K2

Mykje veg/lite bane.

(kryssingsspor og tryggingstiltak)

2 mrd./16,1 mrd.

18,1 mrd.

K3

Mykje bane/lite veg. Dobbeltspor og stor innkorting på bane.

32,9 mrd./5.4 mrd.

38,3 mrd.

K4

Mykje bane/noko veg. Som K3 for bane, møtefri E16 på dagstrekningane.

32,9 mrd./8,4 mrd.

41,3 mrd.

K5

Mykje bane/mykje veg. Som K3/K4 for bane,  stor innkorting veg. (Mål om samarbeids-former – tryggleik, driving, rømming)

32,9 mrd./19,2 mrd.

52,1 mrd. ved separat utbygging, 37,5 mrd. ved felles

Reisetid bane er i dag 65 min Voss - Arna, for K1 og K2 blir dette uendra.  K3 og K4 vil gi 32 min, og K5 25 min.

Førebels rapportutkast datert 12.9.13 er vedlagt, med presentasjon av dei fem ulike konsepta.

I konseptvalutgreiingar arbeider ein med usikkerheiter på opp mot 40 % når det gjeld kostnader, og prosjektet skal i dei neste vekene jobba med å konkretisera kostnadene og usikkerheitsberekna dei.

Prosjektleiar i JBV, Lars Rugtvedt, presiserar at KVU’en er inne i ein iterativ prosess, og at det kan koma endringar i det vidare arbeidet. Det er viktig at ein ikkje ser tiltaka separat, og prosjektet skal jobba vidare med etappeløysingar for dei ulike konsepta. Resultatet kan bli kombinasjonar av fleire konsept.