Tidlegare utgreiingar

Dei siste åra har det vore utarbeidd mange rapportar om moglege høgfartsbanar i Noreg. Vi har prøvd å samle dei viktigaste av dei.

I 2006 engasjerte Jernbaneverket  tyske VWI med partnarar til å sjå på moglegheita for vidare planlegging av høgfartsbane i Noreg. Konklusjonen var at bygging kan vere fornuftig, men det er avhengig av ei rekkje forhold.

Spesielt er korridorane mellom Oslo-Trondheim og Oslo-Göteborg etter tysk metodikk samfunnsøkonomisk lønsame. Potensialet for å oppnå tilstrekkeleg nytte kan også vere til stades på korridorane Oslo-Bergen via Geilo, og på strekninga Oslo-Kristiansand og Stavanger. Rapportane kan du lese her.

Utgreiinga vart gjennomført i tre fasar:
Fase 1
- var ei kartlegging av ulike høgfartskonsept i Europa, marknadsgrunnlaget i Sør-Noreg og ei grov vurdering av moglege trasear

Phase 1, chapter 1-2
Phase 1, chapter 3
Phase 1, chapter 4-7

Fase 2 - var ei meir detaljert, strekningsvis utgreiing av Oslo-Trondheim og Oslo-Göteborg med ein grov nytte-/kostnadsanalyse. Desse to sambanda stod fram som dei mest interessante i fase 1.

Report phase 2

Fase 3 - var ei utgreiing etter same metodikk som fase 2, men utan ein nytte-/kostnadsanalyse, av marknadene mellom Oslo-Kristiansand/ Stavanger; Oslo–Bergen og Stavanger-Bergen.

Report phase 3

Du kan lese grunnlagsrapporten her:

 

Metier- rapport:
Jernbaneverket har også etablert ei gruppe som består av norsk ekspertise til å vurdere kostnader og uvisse basert på nasjonal kunnskap om grunnforhold og anleggsdrift. Kostnadsberekningane og usikkerheitsanalysane er gjennomførte etter Jernbaneverkets metodikk for handtering av usikkerheit i kostnadsoverslag.
Denne gruppa vart leidd av konsulentselskapet Metier og bestod av medlemmer frå SINTEF, NGI, representantar frå miljømyndigheitene ved Direktoratet for naturforvaltning/Fylkesmannen i Buskerud, VWI-gruppa og Jernbaneverket

Rapport 1
Rapport 2

Du kan lese eit notat om grunnforhold og topografi frå Sintef og NGI her:

 

Norsk samandrag:
Dette er Jernbaneverkets sitt samandrag av VWI-gruppa sine vurderingar og resultat.
Likeleins er framstillinga av kostnadene basert på rapportar frå konsulentselskapet Metier

Samandraget:

 

Høgfart, oppsummering og vidare arbeid:
Her kan du lese kva som har blitt gjort hittil, ikkje berre av Jernbaneverket, men også private aktørar. Jernbaneverket vurderer VWI-gruppa sitt arbeid og andre bidrag som har kome fram i prosessen. Vurderingane er knytte til marknad, driftsopplegg, infrastruktur, kostnader og samfunnsøkonomi

Oppsummeringsrapport:

I november 2008 gjennomførte Samferdselsdepartementet og Jernbaneverket eit seminar om utgreiing av høgfartsbanar i Noreg. Der vart fleire nye delutgreiingar i regi av Jernbaneverket lagde fram:

1.Driftsanalysen – Railconsult og Funkwerk 
2.Marknadsanalysen – Urbanet analyse 
3. Leveranseverknader og prosjektorganisering – Agenda Utvikling 
4. Mellom anna kom det fram nye økonomiske berekningar som viser at høgfartstog i Noreg kan få ei langt låkare lønsemd enn det ser ut til dersom dei tyske berekningsmodellane vert lagde til grunn.  (Som kjent kom det tyske VWI fram til at dette var et lønsamt prosjekt når dei la tyske berekningsmodellar for samferdselsprosjekt til grunn.)

Den tyske modellen viser at strekninga Oslo–Trondheim gjev ein samfunnsøkonomisk gevinst på vel fire milliardar kroner, mens den norske modellen gjev ein negativ nytte på heile 57 milliardar kroner.

Nyttekostnadsanalysar ved høgfartsbanar – Econ Pöyry

5. Klimaverknader ved høgfartsbanar - Econ Pöyry 
6. Energi og klimakonsekvensar av moderne transport – Norges Naturvernforbund 
7. Status i dei svenske planane for høgfartsbanar – Kungliga Tekniska Högskolan, KTH
8. Innlegg frå Norsk Bane AS
9. Lokaliserings- og utbyggingsstrategiar for ny Bergensbane – Høyhastighetsringen AS

 

Urbanet Analyse:
Rapporten viser at dei fleste flypassasjerane heller ville valt å reise med høgfartstog dersom det hadde vore mogleg. Høgfartstog mellom dei store byane vil kunne ta mellom 75 og 95 prosent av flymarknaden på desse strekningane.

Les heile rapporten her.