Styringsgruppa

Styringsgruppa skal gjere sitt til å sikre at prosjektet vert gjennomført i tråd med Samferdselsdepartementet sitt mandat.

Styringsgruppa skal passe på:

Framdrifta
At vi gjennomfører ein open prosess 
Den faglege tilnærminga 
At vi rapporterer ofte og godt nok til Samferdselsdepartementet om kva vi gjer

Medlemmer av styringsgruppa:

Anita Skauge (leiar)
Anita Skauge (f. 1958) er etatsdirektør i Plan- og utviklingsavdelinga i Jernbaneverket med ansvar for utgreiing og planlegging av infrastruktur på eit overordna nivå. Anita Skauge har brei røynsle frå samferdselsplanlegging, samfunnsøkonomiske analysar, utgreiing og leiing. Ho kom til Jernbaneverket frå Samferdselsdepartementet der ho mellom anna hadde ansvar for utarbeiding av stortingsmeldingar om veg-, jernbane- og transportplanar og leidde departementet sin trafikktryggleiksseksjon. Skauge er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo.

Bo Lennart Nelldal
Bo Lennart Nelldal (f. 1946) er professor i togtrafikkplanlegging ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm og er i tillegg leiar for prognose- og togsystemutvikling i SJ AB. Nelldal forskar spesielt på tema relaterte til høgfartstog. Han er mellom anna styremedlem i Jernbanegruppa ved KTH og SiR-C (Swedish Intermodal Center). Nelldal leverte delrapportar til Banverket si høgfartsutgreiing i 2009.
Thomas Havnegjerde
Thomas Havnegjerde (f. 1962) har sidan 2008 vært administrerande direktør i Espira Gruppen. Han kom frå stillinga som administrerande direktør i Flytoget. Han har tidlegare hatt ei rekkje leiarstillingar i SAS. Thomas Havnegjerde er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen BI, og har mellom anna vore styremedlem i IARO – International Air Rail Organisation.
Nils Olsson
Nils Olsson (f. 1966) er forskar tilnytt NTNU og SINTEF i Trondheim. Olsson jobbar med prosjektleiing spesielt innanfor kvalitetssikring av store statlege investeringar mellom anna jernbane. Han har tidlegare jobba som kvalitetssjef og konsulent i Ernst & Young og Det norske Veritas. Han er utdanna sivilingeniør i industriell økonomi frå Chalmers i Göteborg, og han tok sin doktorgrad ved NTNU i 2006.

Siri Pettersen Strandenes
Siri Pettersen Strandenes (f. 1949) er professor i økonomi ved Norges Handelshøyskole. Strandenes forskar på internasjonal økonomi, shipping og lufttransportøkonomi. Ho er vitskapleg rådgjevar i Samfunns- og næringslivsforsking (SNF) og er også gjesteprofessor ved The Costas Grammenos International Centre for Shipping, Trade and Finance, City University, London.

Jon Frøisland
Jon Frøisland (f. 1950) er spesialrådgjevar i Jernbaneverket. Han har tidlegare hatt ei rekkje direktørstillingar same stad, mellom anna i Jernbaneverket Utbygging, Jernbaneverket Infrastruktur og Jernbaneverket Forvaltning. Han har også hatt ulike leiarstillingar i NSB. Jon Frøisland er utdanna sivilingeniør og bedriftsøkonom frå høvesvis NTH (NTNU) og BI.

Dagfinn Berge
Dagfinn Berge (f. 1959) er dagleg leiar i Railconsult AS. Han har brei røynsle frå NSB som prosjekt- og linjeleiar innanfor jernbanedrift , mellom anna som prosjektleiar for togopplegget til OL på Lillehammer i 1994, som lokaltogsjef i Oslo og som jernbanesjef for Austlandet. Som trafikkdirektør i NSB Gardermobanen var han frå 1996 ansvarleg for å skipe togdriftsopplegget til Oslo Lufthavn Gardermoen. Dagfinn Berge har utdanninga si frå Krigsskolen