Mandat for utgreiing av høgfartsjernbane i Noreg

Den 19. februar 2010 gav Samferdselsdepartementet Jernbaneverket oppdraget med å greie ut framtida for høgfartsjernbane i Noreg.

Seks korridorar (strekningar) skal greiast ut:

1. Oslo – Kristiansand – Stavanger
2. Oslo – Bergen
3. Oslo – Trondheim
4. Oslo – Göteborg
5. Oslo – Stockholm
6. Bergen – Haugesund – Stavanger i kombinasjon med 1 og 2.

Det inneber å gjere greie for positive og negative effektar, kostnader, rekkjefølgd, etappeinndeling for strekningane og konsekvensar for transportsystemet som heilskap.

Men utgreiinga skal også kome med framlegg om kva for langsiktige strategiar som bør leggjast til grunn for langdistanse persontogtransport i Sør-Noreg. Mandatet inneber altså ikkje bare ei utgreiing av høgfartsbanar, men også ei vurdering av andre alternativ.
Alternativa er:

1. Referansealternativet, som er ei vidareføring av dagens jernbanepolitikk
2. Ei meir offensiv vidareutvikling av eksisterande jernbaneinfrastruktur  også utanfor intercityområdet.
3. Høgfartskonsept som delvis byggjer på eksisterande nett og intercitystrategi.
4. Hovudsakleg separate høgfartslinjer.

Utgreiinga skal gi svar på om utbygging av høgfartsjernbane på ei eller fleire strekningar vil vere samfunnsmessig riktig. Viktige spørsmål er kva for effektar ei slik utbygging vil ha for busetjing/regionforstørring, by- og arealutvikling, auka konkurransekraft for næringslivet og konsekvensane for den sivile luftfarten i Noreg.

Miljø- og klimaomsyn skal også vurderast.
Omsynet til godstransporten på jernbane med dei forskjellige alternativa blir også eit tema i tillegg til ei rekkje andre forhold.
Utgreiinga skal vere ferdig 1. februar 2012.

Du kan lese heile mandatet her

English version