Innstilling til Nasjonal Transportplan frå Stortingets transport og kommunikasjonskomite

Alle parti unnateke Framstegspartiet går i innstillinga inn for å greie ut vidare moglegheiter for, og lønsemda ved å byggje høgfartsbanar i Noreg.

Fleirtalet i komiteen meiner at utbygginga av jernbanen i intercityområdet kan vere eit første steg mot framtidige høgfartsbanar. Samtidig ber komitéfleirtalet om at det skal gjerast vurderingar av moglegheitene for fart på minst 250 km/t for komande prosjekt, og at slike tilpassingar også vurderast ved utbyggingar som vert gjennomførte i dag, gjennom til dømes eigne passeringsspor for høgfartstog på stasjonane.

Fleirtalet i komiteen viser til undersøkingar som konkluderer med at høgfartstog kan ta 75 - 95 prosent av dagens store flytrafikk mellom de Oslo og storbyane i Sør-Noreg. At det er gjort utgreiingsarbeid både i regi av Jernbaneverket og i regi av eksterne miljø meiner komitéfleirtalet er positivt.

Fleirtalet påpeiker også at ei vurdering av den framtidige kapasiteten gjennom Oslo (Oslotunnelen), slik Regjeringa varslar i NTP, må takast med i dei vidare vurderingane av høgfartsbanar.
Fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen meiner det spesielt bør arbeidast vidare med såkalla fleirbruksbanar, det vil seie banar som kan ta både høgfartstog, regiontog og godstrafikk.

Innstillinga frå Stortingets transport- og kommunikasjonskomité vart behandla i Stortinget 11. juni 2009.

Les heile innstillinga på Stortinget sine nettsider