Framdriftsplan

I mandatet vart det spesifisert at utgreiinga skulle gå føre seg i tre fasar:

FASE 1:
Etablere eit oversyn over kunnskapsnivået i Noreg og foreslå kva for tema som treng meir utgreiing
Første fase i høgfartsutgreiinga er ferdig. Ein rapport oppsummerte kva som er laga av utgreiingar  til no. Konklusjonen var at det er vanskeleg å samanlikne dei forskjellige studiane fordi dei er laga på totalt ulike måtar. Denne rapporten er laga av firmaet COWI.

FASE 2:
Definere premissar for utgreiingane av strekningane

Føremålet med fase 2 er nettopp å definere dei ulike premissane, slik at utgreiingane av dei forskjellige strekningane med traséval, talet på stasjonar, start- og stoppmønster, økonomiske nytteanalysar osb. skal bli gjorde på ein einskapleg måte, basert på den same marknadsanalysen.

Dette vart lagt ut på anbod i den norske og europeiske marknaden i månadsskiftet juni/juli med anbodsfrist 10., 11. og 17 august.

Det vart bede om tilbod på følgjande:
1. Marknadsanalysar
2. Planleggings - og utviklingsstudiar
3. Finansielle og samfunnsøkonomiske analysar
4. Kommersielle  strategiar og kontraktstrategiar
5. Teknikk – og sikkerheitsanalysar
6. Miljøanalysar

Den 30. september offentliggjorde vi kva for firma som fekk desse oppdraga. Dei måtte levere analysane sine innan midten av februar.
 

FASE 3:
Detaljerte utgreiingar av desse seks strekningane:

1. Oslo – Bergen
2. Oslo – Kristiansand – Stavanger
3. Oslo – Trondheim
4. Oslo – Göteborg
5. Oslo – Stockholm
6. Bergen – Haugesund – Stavanger i kombinasjon med 1 og 2 
 
Desse utgreiingane vart lagde ut på anbod 18. november 2010 med anbodsfrist 22. desember 2010. Den 9. mars offentliggjorde vi kva for firma som fekk desse oppdraga. Dei starta arbeidet med det same.

Utgreiinga var ferdig 1. februar 2012.