Ekspertpanelet

Ekspertpanelet skal sikre at prosjektet vert tilført gode, internasjonale røynsler. Ekspertane kan dragast inn enkeltvis eller som samla panel. Det kan gjerast gjennom seminar, uttaler/innspel til dokument, som diskusjonspartnarar eller på andre eigna måtar. Alle har forskjellig bakgrunn og dekkjer dermed eit stort område. Det første felles møtet vart gjennomført 30. august 2010.

Desse er med i ekspertpanelet:

Ignacio Barron de Angoiti

Ignacio Barron (f. 1956) er direktør for passasjertrafikk i International Union of Railways (UIC). Han kom frå stillinga som direktør for høgfartstog og meterspor. Barron har tidlegare arbeidd som seniorrådgjevar innan høgfartstog ved UIC sitt hovudkvarter i Paris som representant for den spanske jernbanen (RENFE). De Angoiti har tidlegare hatt ulike rådgjevarroller og sjefstillingar i RENFE.

Richard Eccles
Richard Eccles (f. 1952) er leiar av planleggingsdivisjonen i det britiske jernbaneverket Network Rail. Divisjonen har i løpet av dei to siste åra vore ansvarleg for høgfartsutgreiinga i Storbritannia. Richard Eccles kom frå stillinga som strategidirektør i transportselskapet National Express Group. Han har tidlegare hatt ei rekkje seniorstillingar i British Railways Board/British Rail.

 

Oskar Fröidh

Oskar Fröidh (f. 1965) er doktor i infrastruktur og samfunnsplanlegging tilknytt Jernbanegruppa ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm. Fröidh forskar spesielt på strategisk planlegging, framtidsstudiar og marknadsanalyse for passasjertrafikk. Han har tidlegare jobba som utgreiar ved Banverket og vore ingeniør ved Flygtekniska Försöksanstalten (FFA) i Stockholm. Fröidh har brei prosjektleiarrøynsle frå ulike jernbaneutgreiingar i Sverige og leverte delrapportar til Banverket si høgfartsutgreiing i 2009.

 

Gunnar Malm
Gunnar Malm (f.1950) har sidan april i år vore generaldirektør for det nyetablerte Trafikverket, ei samanslåing av mellom anna det svenske Vägverket og Banverket. Malm kom frå stillinga som administrerande direktør for Arlandabanan Infrastructure AB og var i same periode spesialutgreiar i organisasjonskomiteen for etableringa av Trafikverket. Tidlegare har Malm mellom anna vore administrerande direktør for ASG AB (Svenska Godsbilcentraler) og økonomi- og finansdirektør og fungerande generaldirektør for SJ (Statens Järnvägar). Gunnar Malm leidde Banverket si høgfartsutgreiing i 2009.

 

Jean-Francois Paix
Jean-Francois Paix, (f.1958) er utdanna sivilingeniør og økonom. Han vart tilsett i det franske nasjonale jernbaneselskapet, SNCF, i 1984 og har sidan 2002 vore fungerande for direktøren ved utviklingsavdelinga for langdistansetog. Paix har også hatt ansvaret for dei økonomiske studiane knytte til høgfartsjernbaneprosjekt og berekningar av lønsemd og vekst i etterspørsel etter matematiske modellar.  Han har også vore seniorkonsulent i økonomiske undersøkingar for forskingsprosjekt.

 

Steinar Strøm
Steinar Strøm (f.1942) er sosialøkonom og professor emeritus i økonomi. Strøm er no i eit professorat ved Universitetet i Torino i Italia. Han er dessutan styreformann og vitskapleg rådgjevar på Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking. Strøm har særleg forska mykje innan mikroøkonometri og arbeidsmarknadsøkonomi og har mellom anna vore rådgjevar for Finansdepartementet og Statistisk Sentralbyrå. Steinar Strøm er også medlem av Rikslønsnemnda.

 

Kåre Petter Hagen
Kåre Petter Hagen (f.1942) er professor i samfunns- og offentleg økonomi ved Norges Handelshøyskole. Han er tillegg saman med Victor D. Normann leiar for forskingsprogrammet Internasjonalisering og Økonomisk politikk og medlem av Programstyret for Senter for helseøkonomisk forsking i Bergen. Hagen forskar for tida spesielt på industriell– og nettverksøkonomi. Hagen har tidlegare mellom anna vore medlem av Regjeringa sin skattekommisjon og Skatteutvalet, han har vore ekspertrådgjevar for Samferdselsdepartementet i samband med utgreiinga av ny hovudflyplass.

 

Bjørn Nilsen
Bjørn Nilsen (f. 1950) er professor i ingeniørgeologi ved NTNU i Trondheim. Forskinga hans er for tida mellom anna konsentrert om optimalisering av forundersøkingar for tunnelar og undergrunnsanlegg, stabilitets- og lekkasjeforhold i undersjøiske tunnelar, føresetnader for boring og stabilitet i bergskråningar. Bjørn Nilsen har vore ekspertrådgjevar for ei rekkje nasjonale og internasjonale prosjekt og har i tillegg mellom anna vore formann i Norsk Forening for Fjellsprengningsteknikk