Vidare utgreiing av høgfartsbanar

Etter ei samla vurdering har regjeringa kome til at det ikkje bør leggjast opp til bygging av separate høgfartsbanar i Noreg no. Regjeringa har hovudfokus på å byggje eit kapasitetssterkt jernbanenett i InterCity-trianglet. Den kraftige satsinga i Intercity-trianglet som no blir foreslått i Nasjonal transportplan for perioden 2010 - 2019, vil i alle høve vere naudsynt dersom det seinare blir vedteke å byggje ut eit høgfartsnett i Noreg.

Intercitytog på Gardermobanen. (Foto: Njål Svingheim)
Konseptet for høgfartsbanar må utviklast vidare og tilpassast norske tilhøve før det kan vere aktuelt med  slike baner i Noreg. Høgfartsbanar vil vere avhengig av lange dobbeltsporstrekningar ut frå byane og endepunktstasjonane.

Regjeringa vil be Jernbaneverket om å arbeide vidare med å vurdere korleis moglege konsept for utbygging og drift av høgfartsbanar eventuelt kan tilpassast norske forhold. I første omgang vil ein viktig del av Jernbaneverket sitt arbeid vere å avklare mogelege konsekvensar av framtidig utbyggingsstrategi og kva for standard som skal leggjast til grunn når det gjeld fart for den enkelte banestrekning. Resterande delar av utbyggingsstrategien for den enkelte Intercity-strekning kan, om føremålsteneleg, tilpassast eit framtidig høgfartskonsept. I vidare utgreiingar skal ein ta utgangspunkt i kvar og korleis eventuelle høgfartsbanar kan koplast til InterCity-nettet for å oppnå raskare samband mellom landsdelane.

Gjennom desse utgreiingane må ein få fram kva for reisetider som det er mogleg å oppnå mellom dei største byane i landet ved utvikling av eksisterande banar, samanlikna med ulike alternativ for etablering av separate høgfartsbanar.

(Frå St.meld 16 om Nasjonal transportplan 2010 - 2019)