Trafikk og marknad

Trafikk- og marknadsdivisjonen i Jernbaneverket har ansvaret for operativ trafikkstyring, ruteplanlegging, stasjonsdrift og informasjon til kundane.

Frå trafikkstyringssentralen på Oslo S. (Foto: Rune Fossum)

Trafikken på jernbanen i Noreg
I 2014 reiste meir enn 70 millionar passasjerar med tog i Noreg. Inkludert malmtransport og grenseoverskridande trafikk blei det frakta meir enn 31,6 millionar tonn gods i 2014. Om lag 9,2 millionar tonn var innanlands godstrafikk.

Organisering av Trafikk- og marknadsdivisjonen

Trafikk- og marknadsdivisjonen består av ei stabseining i Oslo, dei regionale avdelingane Trafikkområde Aust, -Vest og -Nord, samt avdelingane Kunde- og trafikkinformasjon, Stasjonar, Eigedom og Ruteplan. Divisjonen har ca 900 tilsette. Dei fleste er fordelte på dei tre regionale områda.

Trafikkstyring

Trafikk- og marknadsdivisjonen har i dag åtte trafikkstyringssentralar som er lokaliserte i Oslo, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Hamar, Trondheim og Narvik. I tillegg er det stasjonert trafikkstyrarar på ca. 70 betente stasjonar der dette er nødvendig av omsyn til togtrafikken. I tillegg nyttar ein trafikkstyrarar til å betene "ubetente" stasjonar ved bl.a. større utbyggingar.  

Fjernstyring

Trafikkstyringa skjer ved hjelp av fjernstyring på det meste av jernbanenettet. Pr. 1.1.2010 er det følgjande strekningar med rutegåande tog som ikkje har fjernstyring: Mosjøen – Bodø, Røros – Støren, Hell – Storlien, Dombås – Åndalsnes, Kongsvinger – Elverum, Ski – Mysen – Sarpsborg (Austre line), Roa – Gjøvik, Myrdal – Flåm, Nelaug – Arendal.  

Jernbaneverket arbeider med vidareutbygging av fjernstyring på Nordlandsbanen der strekninga Grong – Mosjøen – Bodø er under anlegg.

Leiarar i Trafikk- og marknadsdivisjonen

  • Trafikkdirektør: Bjørn Kristiansen
  • Trafikkområde Aust: Trafikksjef Lars Ola Bækkevold
  • Trafikkområde Sør/Vest: Trafikksjef Tom Dahle
  • Trafikkområde Nord: Trafikksjef Øyvind Brustad
  • Kunde- og trafikkinformasjon: Victor Hansen
  • Marknad: Cecilie Pindsle
  • Stasjonar: Sefrid Jakobsen
  • Eigedom: Sefrid Jakobsen, fungerande 
  • Ruteplan: Jan Harald Dammen
  • Terminalar: Kjell Ivar Maudal

Fakturaadresse for Jernbaneverket:

Jernbaneverket
Postboks 4350
2308 Hamar


Oppgje kontaktperson og koststad for å lette fakturabehandlinga.
Organisasjonsnummer for alle einingar i Jernbaneverket er 971 033 533.