Ønskt kultur

Med organisasjonskultur meiner vi "måten vi gjer ting på her hos oss". Det tyder ikkje at vi berre har éin felles og einsarta kultur i heile Jernbaneverket. Vi er spreidde på ulike stader i landet, vi har ansvar for forskjellige oppgåver, vi har ulik utdanningsbakgrunn og yrkesrøynsle.

 
Vår variasjon gir ulike kulturar og eit mangfald vi ser på som positivt.
Samtidig er det noko som skal vere felles. Utan omsyn til kvar i organisasjonen vi held til, skal Jernbaneverket sin kultur kjenneteiknast av:
 

 
Tryggleikskultur


Omsynet til tryggleik skal alltid ha første prioritet og liggje til grunn for all verksemda vår. Tryggleikskulturen vår skal gjere at vi arbeider systematisk med tryggleik slik at verksemda vår skjer utan skadar på menneske, miljø og materiell.
• Vi set tryggleiken i høgsetet
• Vi forstår og vurderer risiko
• Vi har nulltoleranse for brot på tryggleiksreglane 
 

Grannsemdskultur


Verksemda vår skal kjenneteiknast av at vi er fagleg dyktige og nøyaktige i arbeidet vårt.
• Vi utfører alle oppgåver i høve til gjeldande faglige standardar og  kvalitetskrav
• Vi gjer oppgåvene riktig første gongen
• Vi avdekkjer systematisk feil og manglar og korrigerer når det er  nødvendig.
• Vi etterlever reglane og dei etiske retningslinjer våre.
 

Resultatkultur


Vi skal levere dei resultata vi har lova og oppfylle forventningar frå kundane og eigarane våre.
• Vi vurderer oss sjølve ut frå resultata våre
• Vi arbeider aktivt med å finne løysingar som fullnøyer kundane sine  forventningar
• Vi jobbar kontinuerlig med forbetringar og lærer av feila og røynslene  våre
• Vi gir tilbakemeldingar og følgjer opp gode og dårlege resultat 
 

Samarbeidskultur


Vi er avhengige av kvarandre og av samarbeid med kundane våre. Vi må tenkje heilskap og samarbeid på tvers av organisasjonsgrenser og fagområde for å lykkast.
• Vi prioriterer ut frå det beste for heilskapen
• Vi møter kvarandre med respekt, toleranse og tillit
• Vi deler røynsle og kompetanse
• Vi opptrer profesjonelt og truverdig andsynes dei eksterne  samarbeidspartnarane våre
Verdiar
Ein felles kultur – hos oss prega av tryggleik, grannsemd, resultatfokus og samarbeid – vert bygd gjennom eit felles sett av verdiar. Dei verdiane som skal prege oss som medarbeidarar, og som skal prege samarbeidet vårt internt og samhandlinga vår med kundar, omgjevnader og eigarar er at kvar og ein skal vere:
• Open
• Engasjert
• Profesjonell


 

Open


Å vere open dreier seg om samarbeid, om å vise tillit, om å dele informasjon, kunnskap og røynsler både internt og eksternt slik at vi, kollegane våre, samarbeidspartnarane våre og kundane våre kan oppnå betre resultat.
Engasjert
Å vere engasjert dreier seg om å vere opptatt av kundane sine behov, om å sjå heilskapen, ta initiativ, søkje forbetringar og motivere både innan eige ansvarsområde og på tvers av organisasjonsgrenser og fagområde. 
 

Profesjonell


Å vere profesjonell dreier seg om å vere fagleg dyktig, om kontinuerlig å utvikle eigen kompetanse, om å forbetre prestasjonane våre og om alltid å halde det vi lover, både andsynes kvarandre og andsynes kundar og samarbeidspartnarar.