Farleg å krysse jernbanen på fjellet

Kvar vinter registrerer Jernbaneverket fleire tilfelle der skiløparar kryssar jernbanelina på stader som ikkje er berekna for dette. Slik kryssing av lina er både farleg og forbode. Toget kjem fort og det kjem stille.

Toget kjem fort og stille. Kryssing av jernbanelinja må berre skje på stader som er berekna på dette. <strong> Foto: Njål Svingheim</strong>
Jernbaneverket vil oppmode skiløparar og andre til å nytte overgangsbruer og undergangar når dei skal krysse jernbanelina. Langs Bergensbanen sin høgfjellstrekning er dette eit problem kvar vinter. Frå du ser toget har du berre nokre få sekund på deg om du oppheld deg i sporet. Derfor er dette livsfarleg og ulovleg. Det står om livet!

Ta omsyn, bruk berre stader som er berekna for det når du kryssar lina.


God tur på fjellet!