Farleg å krysse jernbanen på fjellet

Jernbaneverket registrerer kvar vinter fleire tilfelle der folk på ski kryssar jernbanelina på stader som ikkje er berekna for dette. Slik kryssing av lina er både farleg og forbode. Toget kjem fort og det kjem stille.

Mange bruker den flott naturen langs Bergensbanen for skiturar i vinterfjellet. jernbaneverket ynskjer god tur, men åtvarer mot å krysse jernbanesporet. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
Særleg er dette eit merkbart problem på høgfjellet langs Bergensbanen, men og på dei andre fjellstrekningane er det grunn til å kome med den same åvaringa. Jernbaneverket vil oppmode skiløparar og andre til å nytte overgangsbruer og undergangar når dei skal krysse jernbanelina. Frå du ser toget har du berre nokre få sekund på deg om du oppheld deg i sporet. På store delar av Bergensbanen over fjellet er farten 160 km/t på toga. Derfor er dette livsfarleg og ulovleg. Det står om livet!

Ta omsyn, bruk berre stader som er berekna for det når du kryssar lina.

God tur på fjellet!