Stortrafikk for Skarverennet

Laurdag 24. april er årets travlaste dag på Bergensbanen. Da blir det til saman køyrd heile 49 ekstratog på banen i samband med Skarverennet. På nokre hektiske morgontimar blir 12 200 deltakarar frakta til start, dei fleste til Finse og nokre til Haugastøl. –Vi har hatt gode røynsler med driftsopplegget frå dei seinare åra følger same opplegg i år, seier Terje Erdal ved Jernbaneverket i Bergen

   

stortrafikk på Finse under Skarverennet <strong> Foto: Bjørn Ove Botten </strong>Skarverennet er kvart år ei utfordring, både for skiløparane som setter sluttstrek for skisesongen, men og for NSB og Jernbaneverket. Kapasiteten på høgfjellsstrekninga på Bergensbanen blir utnytta maksimalt for å frakte alle deltakarane til og frå rennet.

Heile 49 ekstratog er til saman sett opp for å frakte alle til start og frå mål. Med i talet er alle tog som må køyrast i forbindelse med rennet. Dei fleste togsetta er lokaltogsett av type 69D med ni vogner som til saman har ein kapasitet på 1350 passasjerar. Toga startar frå Gol, Ål og Geilo, i tillegg til ekstratog både frå Oslo og Bergen.

Terje Erdal ved Jernbaneverket sin trafikkstyringssentral i Bergen opplyser at beredskapen for å rette eventuelle feil på strekninga er auka på renndagen. Driftsopplegget er laga i eit samarbeid mellom NSB, Jernbaneverket og arrangøren, Geilo Idrettslag. Det er stasjonane Geilo, Ustaoset, Haugastøl, Tunga kryssingsspor, og Finse som har den tettaste trafikken, men heile Bergensbanen har denne helga særs stor togtrafikk

På renndagen pendler toga fram og tilbake på høgfjellet heile dagen for å frakte deltakarane til og frå rennet. På ettermiddagen går det ei ”lokaltog” mellom Ustaoset og Geilo.

Skarverennet


Skarverennet er eit av verdas største skirenn og har blitt arrangert heilt sidan 1974. Frå Finse til Ustaoset er det 38 kilometer og traseen går oppunder Hallingskarvet heile vegen. Det er og ei stuttare løype med start på Haugastøl. I årets renn deltek som vanleg nokre av landets og verdas beste skiløparar, men først fremst er Skarverennet eit punktum for skisesongen for vanlege folk.

frå Finsevatnet. Foto: Bjørn Ove Botten