Gradvis betre kapasitet gjennom Oslo

Jernbaneverket gjer for tida ei rad små og store tiltak som skal gje ein robust jernbane og 20-30 prosent auka kapasitet gjennom Oslotunnelen frå 2012. I tillegg vil det neste år bli lagt fram ei større utgreiing som tek stilling til heile Oslo-navet og kva som bør gjerast på lang sikt, skriv Jernbanemagasinet.

Auka kapasitet og betre stabilitet i togdrifta gjennom Oslo er særleg viktig. < foto> Njål Svingheim </strong>- Vi har i dag store problem med både punktlegskap og regularitet, seier Jernbaneverkets plan- og utviklingsdirektør Anita Skauge. - Det absolutt viktigaste er difor å gjere ferdig dei  fornyingsarbeida vi er i gang med på strekninga frå Lysaker til Etterstad. Dette er eit omfattande prosjekt der vi nytter ein halv milliard kroner i året. Arbeida blir ferdige i 2012.

- Vi tek mellom anna i bruk ny teknologi med akseltellarar som skal vise kvar toga er hen på sporet. Vidare vil vi få inn eit nytt system for å overvake sporvekslar samt ei eige straumskjene i staden for kontaktleidningar,  fortel Skauge. Ho minner og om at vestkorridoren vil stå ferdig før ein ny ruteplan vert sett i verk frå desember 2012:

- Nye Lysaker stasjon med fire spor sto ferdig i 2009. I august 2011 er fire spor mellom Lysaker og Sandvika fullførde. Vi gjer og ein del signal- og sportilpasningar for å fjerne flaskehalsar på Skøyen/Bestum.  

24-26 tog i timen

- Til saman vil desse tiltaka gjere det mogeleg å åpne for 20 prosent fleire tog i timen gjennom Oslotunnelen, det vil seie 24 tog i timen kvar veg.  Når vi har hausta erfaringar med den auka trafikken, vil vi vurdere om vi kan få til ei ytterlegare trafikkauke. I så fall vil det da kunne gå 26 tog i timen gjennom tunnelen - ei auke på 30 prosent i høve til dagens kapasitet,  fortel etatsdirektøren.

- Nokre spør seg om ikkje ei så stor trafikkauke vil skape ytterlegare forseiningar?

- Det er noko vi set alt inn på å unngå. Difor arbeider  vi med ein plan for betre kapasitet som vil munne ut i ytterlegare åtgjerder. Mellom anna legg vi planer for å endre sporarrangementet for å få til ein meir effektiv togtrafikk,.

- Alle tiltaka som er og vil bli gjort fram mot 2012, skal sikre kapasitet gjennom Oslo slik at vi får full effekt av utbygginga av intercitystrekningane på Austlandet, – med halvtimesfrekvensar gjennom Vestfold og Østfold, samt at vi får gjort godsstrategien i tråd måla med Nasjonal transportplan for 2010-2019.

Stort utgreiingsarbeid

- Vil det ikkje bli behov for enda fleire spor gjennom Oslo etter kvart som befolkninga og trafikken aukar i Oslo-området?

- Jernbaneverket har her allerede sett i gang eit utgreiingsarbeid som vil gå føre seg i eitt til eitt og eit halvt år framover. Vi vil da sjå på heile sporsystemet i Oslo-området, inkludert Oslotunnelen og Oslo S. Vi tek sikte på å lage eit grunnlag for ei slik avgjerd i neste nasjonale transportplan for perioden 2014-2023. Eitt spørsmål som vi her går inn i, er hvilken marknad jernbanen skal tjene i høve til for eksempel annen kollektivtrafikk.  Vidare skal vi sjå på framtidas driftsopplegg – korleis toga skal køyre. Kapasitet i form av fleire seter (til dømes lengden på toga) vil og kunne vere eit tema. Vi vil og sjå på ulike infrastrukturløysingar, mellom anna ny tunnel og kostnadene for ulike tiltak. Når dette utrgreiingsarbeidet er gjort, vil vi ha eit grunnlag for å leggje fram langsiktige tiltak for jernbanen gjennom Oslo.


Få fart på toga

Anita Skauge poengterer at togets føremon er å knytte regionar saman.

- Det er berre jernbanen som verkeleg kan redusere tidsavstanden mellom byane på Austlandet på ein miljøvennleg måte. Men da må vi få opp farten på toga, og for å få til det må vi snarast råd byggje ferdig dobbeltspor til Skien, Halden og Lillehammer og endeleg byggje Ringerikstunnelen vestover.

Dinest ynskjer vi å sjå på korleis jernbanen kan byggjast ytterlegare ut i landet elles. Men det set føre ei politisk aksept for at vi verkeleg skal satse på ein moderne jernbane i dette landet, seier Jernbaneverkets plan- og utviklingsdirektør, Anita Skauge.