Åtvaring mot kryssing av jernbanen

Jernbaneverket registrerer kvar vinter, og særleg i påska, fleire tilfelle der skiløparar kryssar jernbanelinja på stader som ikkje er tilrettelagde for dette. –Vi vil åtvara så sterkt vi kan mot å kryssa sporet på slike stader, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket. Problemet er størst på høgfjellsstrekninga på Bergensbanen.

Ferdsel i sporet er farleg og forbode. <strong Foto: Jon Himle </strong> 
-Skal ein kryssa over jernbanelinja, er det særs viktig at dette skjer på stader som er tilrettelagde for slik kryssing, seier Hjertaas. På høgfjellet kan ein kryssa trygt via undergangar eller overgangsbruer, over tunnelar eller snøoverbygg, og i tillegg over ein planovergang inne på Finse stasjon. Å kryssa linja utanom disse stadene er både livsfarleg og forbode.

På fjellet kjem toget ekstra stille på grunn av snøen i sporet, og det kjem fort. På ein del av høgfjellsbanen kan toga kjøra opp til 160 kilometer i timen, så hald deg godt unna sporet, oppmodar Hjertaas.

For å auka målgruppa sin kunnskap om trygg ferdsel langs sporet, har Jernbaneverket distribuert informasjonsplakatar og –brosjyrar, og NSB informerer via høgtalar i persontoga på Bergensbanen i den aktuelle perioden.

Ta omsyn, bruk berre stader som er tilrettelagde for det når du kryssar lina. - God tur på fjellet!