Tryggare togtransport med plattformforlengingar

Før året er omme skal 18 plattformer verte forlenga og betre tilpassa togmateriellet som nyttar dei. Dette er første bolken av til saman 143 plattformer som har vore under lupa og funne for korte etter at Statens Jernbanetilsyn (SJT) kom med ny sikringsføreskrift i 2006.

Sideplattforma på Tangen er blant dei 18 som vert forlenga i år. (Foto: Njål Svingheim)Den første plattformforlenginga på Flåm stasjon sto klar allereie i april, medan byggjestart for resten er denne sommaren.

– I høve til den nye sikringsføreskrifta som seier at plattformene skal vere tilpassa togmateriellet som trafikkerer banene, har vi identifisert at vi har ei rekkje plattformer som er for korte. Dette vart utgreia i ein risikoanalyse i 2007. Vi har fått dispensasjon hjå SJT for plattformene i fire bolkar, 18 skal vere ferdigstilte innan året er omme, dei neste 49 i 2012, 17 til i 2015 og dei siste 59 innan 31. desember 2019. Det er med andre ord eit tiårsperspektiv på dette, seier utbyggingssjef Karstein Søreide i Jernbaneverket Utbygging.

Ikkje berre lengda er kritisk
Alle plattformene er i ei prioritert rekkjefølgje frå 1 til 143 utifrå ulike kriterium, mellom desse trafikktyngd og kor farleg det er å stå av utanfor plattforma. For alle 143 skal Jernbaneverket melde inn til SJT korleis plattformene vert utbetra og eventuelt søkje om godkjenning. Det er med andre ord ei omfattande oppgåve ein har teke fatt i.

– Då vi byrja å sjå på dette, oppdaga vi at det er ikkje berre lengda på plattformene som er ein kritisk faktor i høve til føreskriftene og interne reglar – dette gjeld i høgste grad også høgda, breidda og korleis avstanden er mellom plattform og tog (kurvatur). Saman med universell tilgjenge er alle desse faktorane under vurdering for kvar einskild plattform. Dette vert langt meir omfattande enn vi såg for oss i starten, men det vert tryggare, standarden høgare og plattformene meir tilpassa bruken, seier Søreide.

 I 2008 er dryge 100 millionar kroner sett av til plattformforlengingar, og opphavleg var det samla budsjettet på 550 millionar kroner.

– Det var berre for enkle plattformforlengingar, no vert det langt meir omfattande tiltak som nok kjem opp i ein til halvannan milliard kroner; men dette har vi ikkje finrekna på. Det er ei god investering som gjev betre, tryggare og sikrare stasjonar, fastslår Søreide.

Snøggare progresjon med sysselsettingsmidlar
Eksempel på ny plattform som er i samsvar med alle krav: Strømmen stasjon, som vart åpna i 2007. (Foto: Njål Svingheim)Dei neste 17 stasjonane etter Flåm er no under prosjektering og bygginga startar til sommaren. Av dei 18 stasjonane er høvesvis fire i nord, seks i vest og åtte i aust.

– Det vert ganske hektisk, men vi skal vere ferdige innan fristen. Sidan vi har fått ein god del ekstra sysselsettingsmidlar, kan vi forsere planen og kome i gang med prosjektering av den neste bolken allereie til hausten. Sjølv om alle plattformene har sine særmerkjer, er det òg mykje som er sams. Erfaringar vi haustar no i starten kjem godt med til å effektivisere arbeidet framover, seier Karstein Søreide.

Jernbaneverket vurderer samstundes om det er haldeplassar og stasjonar mellom desse 143 som er aktuelle for nedlegging, Om så er, er forlenging ikkje aktuelt.

Dei første 18 plattformene er desse:

Bergsgrav: Verdal kommune i Nord-Trøndelag (Nordlandsbanen)
Vestfossen: Øvre Eiker i Buskerud (Sørlandsbanen, to plattformer)
Sparbu: Steinkjer kommune i Nord-Trøndelag (Nordlandsbanen)
Løten: Løten kommune i Hedemark (Rørosbanen)
Mørkved: Bodø kommune i Nordland (Nordlandsbanen)
Flåm: Aurland kommune i Sogn og Fjordane (Flåmsbanen)
Gullhella: Asker kommune i Akershus (Spikkestadbanen)
Tangen:Stange kommune i Hedmark (Dovrebanen)
Snartemo: Hægebostad kommune i Vest-Agder (Sørlandsbanen)
Vennesla: Vennesla kommune i Vest-Agder (Sørlandsbanen)
Gyland: Flekkefjord kommune i Vest-Agder (Sørlandsbanen)
Grua:    Lunner kommune i Oppland (Gjøvikbanen)
Gol: Gol kommune i Buskerud (Bergensbanen
Harestua: Lunner kommune i Oppland (Gjøvikbanen)
Nordby: Ullensaker kommune i Akershus (Hovedbanen)
Hanaborg: Lørenskog kommune i Akershus (Hovedbanen)
Geilo: Hol kommune i Buskerud (Bergensbanen)

I tillegg kjem Nydalen haldeplass i Oslo (Gjøvikbanen)