Sikkerhetstiltak på 360 planovergangar

I 2008 gjennomførte Jernbaneverket ulike former for tryggleikstiltak ved 360 planovergangar. Åttiseks av desse planovergangane vart heilt nedlagde og erstatta av andre løysingar, mens fem planovergangar vart utstyrte med bomanlegg. Ved årsskiftet var det 3987 planovergangar på det norske jernbanenettet. Planovergangane er ei av dei største tryggleiksutfordringane som jernbanen har, og arbeidet med tryggleikstiltak og fjerning av planovergangar vil halde fram også i år.

Her ved Sokna på Bergensbanen vart heile ni planovergangar samla opp til ei nytt kryssingspunkt sikra med heilbomanlegg. Foto: Glenn Mykkeltveit 
Planovergangane er saman med ulovleg ferdsel i og langs sporet ei av dei største utfordringane mot tryggleik som jernbanen har. Der veg kryssar jernbanespor vert det stilt store krav til aktsemd hos den som kryssar jernbanen. Kvart år skjer det dessverre ulykker på planovergangane. Ingen mista livet i planovergangsulykker i 2008, men marginane ved slike ulykker er små og skadepotensialet er stort. Jernbaneverket vil derfor halde fram arbeidet med å gjere det tryggare å krysse jernbanen.

1000 overgangar fjerna
Sidan 1998 har Jernbaneverket fjerna 1000 planovergangar. Desse er erstatta av bruer, undergangar eller andre tilkomstvegar. Ofte er desse bygde langs jernbanen fram til nærmaste undergang eller bru. Gjennom 2008 var alle planovergangar i hovudspor langs offentlege vegar utstyrte med vegsikringsanlegg.

I tillegg til å fjerne planovergangar heilt gjennomfører Jernbaneverket betringar i tryggleiken ved mange av dei overgangane vi framleis må leve med, Dette gjeld tiltak som betring av sikttilhøva ved skogrydding, fjerning av andre typar sikthinder, omlegging av vegar inn mot jernbanen og flytting til stader med betre sikt. 

 Dei private planovergangane utgjer ein stor tryggleiksutfordring for jernbanen. (Foto: Njål Svingheim)

Mange av dei private planovergangane er jord- eller skogbruksovergangar som berre vert nytta i kortare periodar av året. Fleire stader har Jernbaneverket også inngått avtaler med grunneigarane om varslingsrutinar når planovergangane skal brukast.

I 2009 er det planar for å fjerne ytterlegare ca. 70 planovergangar. 
 
Jernbaneverket har ein samla plan for det vidare arbeidet med utbetringstiltak, sikring og nedleggingar av planovergangar i åra som kjem.