Nesten 58 millionar togreiser i 2008

For femte året på rad auka talet på togpassasjerar også i 2008. NSB fekk i fjor ein passasjervokster på 3,8 prosent i høve til 2007, og hadde 52,3 millionar passasjerar. Også Flytoget hadde vokster i trafikken i fjor med sine 5,6 millionar passasjerar.

Togtrafikken auka også i 2008, for fente året på rad. (Foto: Njål Svingheim) 

Til saman vart det gjort nesten 58 millionar togreiser i 2008. Størst auke er det på Rørosbanen og mellom Oslo og Lillehammer. Med få unntak er det framgang på alle banestrekningar i landet.

- Den gledelige trafikkauken viser at stadig fleire i Noreg er opptekne av å reise med eit miljøvenleg transportmiddel. Toget er effektivt inn og ut av dei store byane, spesielt på Austlandet, seier persontogsjef i NSB, Stein Nilsen, i ei pressemelding.

Vi er likevel ikkje nøgde med den leveransen kundane får på enkelte banestrekningar med tanke på punktlegskap og kvaliteten på toga, seier Nilsen. Dagens tog vert rusta opp for om lag to milliardar kroner, samtidig som NSB har skrive kontrakt på kjøp av 50 nye tog til ein totalkostnad på fire milliardar kroner.

- De nærmaste åra vil NSB sine kundar oppleve ein heilt annan og betre kvalitet på mange tog. I tillegg er vi i NSB særs glade for at regjeringa har foreslått å løyve 818 millionar kroner til drift og vedlikehald til Jernbaneverket. Med fornying av anlegg som sikrar framføring av toga, vil den daglege leveransen frå Jernbaneverket kunne betrast, noko som vil seie ein betre kvardag på toget for NSB sine mange kundar, seier Nilsen.

 

  • NSB Regiontog på Østfoldbanen, Oslo - Halden (Göteborg): +4%, 1 325 000 passasjerar. Teljepunkt: Moss. (Lokaltoga på Østfoldbanen er ikkje med i dette talet).
  • NSB Regiontog på Dovrebanen, Oslo - Lillehammer +11%, 1 260 000 passasjerar. Teljepunkt: Hamar.
  • NSB Regiontog på Vestfoldbanen, Oslo - Skien: +4%, 1 850 000 passasjerar. Teljepunkt: Drammen.
  • NSB Regiontog på Nordlandsbanen: +5%, 170 000 passasjerar. Teljepunkt: Mo i Rana.
  • NSB Regiontog på Rørosbanen: +18%, 205 000 passasjerar. Teljepunkt: Hamar.
  • NSB Regiontog på Raumabanen: +1%, 82 000 passasjerar. Teljepunkt: Dombås. (Teljepunkt Åndalsnes: +8% pga turisttoga).
  • NSB Regiontog på Sørlandsbanen, Kristiansand - Stavanger: +3%, 404 000 passasjerar. Teljepunkt: Sira.
  • NSB Regiontog på Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim: +6%, 462 000 passasjerar over teljepunkt Hjerkinn.
  • NSB Regiontog på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen: +3%, 702 000 passasjerar over teljepunkt Finse.
  • NSB Regiontog på Sørlandsbanen mellom Oslo og Kristiansand: +6%, 483 000 passasjerar over teljepunkt Lunde.

NSB Lokaltog:

  • NSB Lokaltog i Bergen: +3%, 1 405 000 passasjerar Bergen - Voss – Myrdal.
  • NSB Lokaltog i Trøndelag: -4% , Trondheim – Steinkjer: 535 000 passasjerar. Trondheim – Røros: +22% 92 000 passasjerar, Trondheim – Storlien: +4% 68 500 passasjerar.
  • NSB Lokaltog på Arendalsbanen: + 9%, 74 000 passasjerar.
  • NSB Lokaltog i Osloområdet: + 4,2%
  • NSB Lokaltog i Stavanger: -5%. Anleggsarbeid og noko dårlegare togtilbod som følgje av dette.