2008: Nok eit bra år for tryggleiken på jernbanen

Tryggleiken i togtrafikken i Noreg har dei siste åra lege på stabilt godt nivå. Slik vart det også i 2008. Dei største utfordringane er framleis knytte til ulovleg ferdsel i sporet og til planovergangane.

I september kunne eit nytt bomanlegg takast i bruk på Vestfoldbanen. Anlegget erstattar fire planovergangar der grinder var einaste sikring. Foto: Njål Svingheim 

Det seier tryggleiksdirektør Monika Løland Eknes i Jernbaneverket. -Samstundes har vi ein aukande trend for ras og skred som uroar, seier ho.

Dei fleste ulykkene på jernbanen i Noreg er knytte til planovergangar og til ulovleg ferdsel i jernbanesporet. –Sikring og nedlegging av planovergangar har vore eit pågåande prosjekt i fleire år, og dette arbeidet vil halde fram også i 2009, seier Eknes. Fleire hundre har fått betre tryggleik dei siste åra. Likevel utgjer dei framleis ein otte for oss. Ikkje minst gjeld dette for samanstøyt mellom tog og tyngre kjøretøy fordi slike hendingar kan føre til større ulykker. Det største tryggleiksproblemet er likevel stadig ulovleg ferdsel i sporet. Som kjent er det ikkje tillate å gå i jernbanesporet, og våre tiltak er å vedlikehalde gjerde i tettbygde strøk og å drive informasjon om farane ved ulovleg ferdsel. -2008 vart eit godt år for tryggleiken på jernbanen, seier tryggleiksdirektør Monika Løland Eknes. Foto: Øystein Grue

Klimautfordringar
Jernbaneverket har tidlegare innført eit trinnvist beredskapssystem ved store nedbørsmengder. Rutinane er innførde over heile jernbanenettet og inneber hyppigare visitasjon av strekningane ved store mengder nedbør, og at baner også kan verte stengde ved ekstreme nedbørsmengder. Det er også bygd nye vêrstasjonar fleire stader for å fange opp vêrsituasjonen lokalt i område som ofte får store nedbørsmengder. Det er sett ned eit eige rasutval som arbeider med blant anna kartlegging av rasfare langs dei ulike strekningane og forslag til tiltak. –Ras og skred er det ei utfordring å ha full kontroll over, og dette arbeidet har høg prioritet framover, seier Eknes.

2008
2008 vart nok eit år med ein synkande trend for talet på alvorlege skadar og hendingar. –Dette viser at det gode tryggleiksarbeidet ute gir resultat.

I 2008 fekk vi inn monaleg fleire meldingar om situasjonar som kunne medføre fare, og det viser at rapporteringsrutinane våre stadig vert betre, seier tryggleiksdirektøren. Rutinane våre for å hente ut data frå dei ulike systema vert også betre, og dette gir fleire slike meldingar inn i rapporteringssystemet vårt, Synergi. –For at tryggleiksarbeidet skal fungere godt, er vi avhengige av at tilsette i jernbanedrifta sender inn meldingar om situasjonar dei meiner er moglege farar, seier Eknes. Her ved Dalegården på Bergensbanen vart det i 2008 både bygd rasvoll og sett opp rasvarslingsgjerde. (Foto: Ove Madsen)

I 2008 mista eitt menneske livet på grunn av påkjørsel av tog. Fire andre slike hendingar er framleis under politietterforsking. Tre personar vart skadde i planovergangsulykker. I 2008 har vi også arbeidd med å auke tryggleiken for togtrafikken inne på stasjonsområde og for reisande på plattformer. Dette er arbeid som også vil bli ført vidare i 2009.

Jernbaneverket er dermed nær ved å nå målet i den såkalla 0-visjonen om at jernbaneverksemda ikkje skal medføre tap av menneskeliv.