Elisabeth Enger ny jernbanedirektør

Elisabeth Enger er i statsråd i dag 28.mars tilsett i stillinga som jernbanedirektør og leiar for Jernbaneverket. Ho er 49 år og har sidan 2001 vore rådmann i Bærum kommune. Ho har brei leiarerfaring frå offentleg sektor.

Elisabeth Enger er tilsett som ny jernbanedirektør. (Foto: Bærum Kommune)Elisabeth Enger er cand.mag. med 3-årig utdanning som kommunalkandidat og 1. avdeling juridicum.


Enger arbeidde frå 1980 til 1982 som sakshandsamar i Akershus fylkeskommune, og ho var i tida 1983 – 1989 konsulent og seinare rådmann i Skodje kommune. I tida 1989 – 1993 var ho stabsjef og direktør i Kommunenes Sentralforbund, og ho var rådmann i Lier kommune frå 1994 til 2001, då ho vart tilsett som rådmann i Bærum kommune.

Elisabeth Enger etterfølgjer Steinar Killi i stillinga som Jernbanedirektør.

Enger vil begynne i sin nye jobb 4.august 2008.