Årsmelding 2007: Stor merksemd rundt jernbanen

Jernbanen hadde stor merksemd i 2007, og i nyhenda var det både positive og mindre positive oppslag. Store prosjekt vart avslutta eller førte vidare, og budsjettauken på 20 prosent gjorde det mogleg med auka innsats der dei trongaste flaskehalsane ligg. Osloområdet er eit av desse områda, og dessverre har mange passasjerar dei siste månadene opplevd forseinkingar og togstans. -No blir fornyingsarbeidet i dette sårbare området prioritert, skriv jernbanedirektør Steinar Killi i årsmeldinga for 2007.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har jernbaneverket skipa eit eige fornyingsprosjekt for jernbanen i Oslo saman med dei største togselskapa. Dette arbeidet vil vi sjå resultat av allereie i 2008, skriv jernbanedirektøren.


Auka vedlikehald av eksisterande infrastruktur er prioriteringa i Jernbaneverket framover. Dette gjer vi på bakgrunn av auka trafikk, etterslep i vedlikehaldet og høgare krav til kvalitet og rettidig toggang. I framlegget til Nasjonal transportplan 2010-2019, som vart presentert i januar i år, var dette bodskapen vår til politikarane.

Interessa for jernbanen er aukande, og den positive veksten i både person- og godstrafikken heldt fram i 2007. Det er gledeleg for togselskapa og for oss, men også for miljøet.

Med denne publikasjonen ønskjer vi å gje deg nokre attendeblikk frå jernbaneåret 2007. Samstundes vil vi sende vidare nokre inntrykk frå dei mange spanande arbeidsoppgåvene vi har. Jernbaneverket er heile tida på jakt etter flinke hender og kloke hovud, og som motyting kan vi by på interessante utfordringar innanfor ei rad fagområde som telekommunikasjon, elektro- og byggfag, samfunnsplanlegging, ruteplanlegging og trafikkstyring.

Vedlagt er også Jernbaneverket sin årsrapport for 2007. Den utgjer den offisielle rapporten frå verksemda i 2007 til Samferdselsdepartementet.