56,8 millionar togreiser i 2007, veksten held fram

Jernbaneverkets offisielle statistikk viser at det vart gjort 56,8 millionar reiser med tog i Noreg i 2007. Dette er vel 2,2 millionar fleire togreiser enn året før, og ein auke på 3,9%. Godstrafikken auka med ca. 2 % til 3,41 milliardar tonnkilometer. Veksten held jamvel fram inn i 2008.


Både Flytoget og NSB hadde ein monaleg trafikkvekst også i 2007. Foto: Njål Svingheim I dei første fire månadene i år rapporterer det største godstogselskapet, CargoNet, om ein vekst på mellom ti og tolv prosent. NSB melder om omsetningsvekst i persontrafikken. Togtrafikken på det norske jernbanenettet held fram med å auke, og på fleire strekningar er kapasitetsutnyttinga på over 100%. Hundre prosent kapasitetsutnytting er definert som det tal på tog som kan køyrast over ei banestrekning med maksimalt tillaten fart for strekninga. Dersom ein aksepterer lågare togfart, kan dette gje plass for fleire tog. Dette vil da gje ei kapasitetsutnytting på over 100%. Kapasitetsutnyttinga ligg over eller oppunder 100% i og ved dei store byane og fleire stader på Austlandet. I den delen av døgnet da det er ønskelig å køyre flest tog, nærmar kapasitetsutnyttinga seg 100% også på fleire av hovudstrekningane mellom landsdelane. Kvart døgn passerer 750 persontog gjennom Oslo S.


NSB AS hadde i 2007 48,27 millionar passasjerar, mens Flytoget hadde 5,35 millionar. NSB Gjøvikbanen AS, selskapet som driv persontrafikken på Gjøvikbanen, hadde 1,15 millionar passasjerar, mens Flåmsbana hadde 583 000 passasjerar i fjor. Etter at det igjen vart fleire daglege avgangar til og frå Stockholm, steig utanlandstrafikken kraftig og enda på 470 000 passasjerar, Godstrafikken viser også en stadig vekst på norske spor. (Foto: Njål Svingheim)det meste på linjene til Gøteborg og Stockholm. I godstrafikken innanlands er CargoNet den suverent største aktøren. Selskapet hadde 2,43 milliardar tonnkilometer i 2007, mens dei andre godstogselskapa hadde 23 millionar tonnkilometer.

I den norske godstrafikken har det dei seinare åra vore ei stor dreiing frå tradisjonell vognlast til container- og semihengar-trafikk. Dette har ført til meir frakt av gods som krev rask framføring (f.eks. ferskvarer). I samtrafikken med utlandet utgjorde malmtransporten på Ofotbanen 633 millionar tonnkilometer, mens CargoNet sin trafikk over landegrensa utgjorde 283 millionar tonnkilometer på norsk side. Andre godsselskap sto for 44 millionar tonnkilometer i samtrafikken med utlandet. Godstrafikken vert rekna både i tonn og i tonnkilometer. Når ein ser på kva for selskap som fraktar mest i tonn på norske spor, er selskapet Malmtrafikk AS, som køyrer på Ofotbanen, det største med 16,24 millionar tonn.

Av utbyggingstiltak i jernbanenettet var det i 2007 store anleggsarbeid ved Lysaker stasjon, på strekninga Lysaker – Sandvika og på strekninga Sandnes – Stavanger, forutan Ganddal godsterminal.